Triceratops var ein stor, planteetande dinosaur med horn. Han levde for omlag 66 millionar år sidan og er no utdøydd.
Triceratops
Beskrivelse
Triceratops blei omlag åtte meter lang. Dei hadde ganske kort hale og fire store føter. Dei kunne bli nesten tre meter høge.
Dyra hadde eit svært stort hovud, med to lange, spisse horn over auga og eitt mindre horn fremst på snuten. Bakarst på hovudet hadde dei ein stor krage av bein.
I staden for framtenner hadde Triceratops nebb. Inne i munnen hadde dei nesten 600 tenner på innsida av kinna.
Hjernen var ganske liten, men forskarar trur at Triceratops hadde god luktesans og kontroll på rørslene. Auga peika utover til sidene.
Det er ikkje funne heile skjelett av Triceratops. Forskarar veit heller ikkje korleis huda deira var.
Levevis
Forskarar trur dei åt små, blomstrande tre. Tennene blei fort slitne. Det var fordi overkjeven og underkjeven bevega seg nesten som ei saks, når dei togg.
Funn
Triceratops levde samtidig med mellom anna Tyrannosaurus. Fossil er funne i Canada og fleire stader i Nord-Amerika.