Minister er det ein kallar den politiske leiaren av eit departement. Nokre departement blir leia av to ministrar.
I Noreg er alle ministrane med i regjeringa. Det er statsministeren som vel kven som får vere med i regjeringa.
Eigentleg har den som leier eit departement tittelen statsråd. Det er berre statsministeren og utanriksministeren som har tittelen minister. Det er likevel vanleg å kalle alle som leier et departement for minster. Ein pleier å setje namnet på departementet saman med ordet minister, for eksempel finansminister, kulturminister og kunnskapsminister.