Urter er planter som har stenglar som ikkje er laga av ved, slik som den harde stengelen til tre og buskar er. Stenglane til urter er ofte grøne, bøyelege og saftige.

Urter kan leve i eitt eller fleire år. Stenglane til urtene visnar ned kvar haust. Hos dei urtene som kan leve i fleire år kjem det opp nye stenglar om våren.

Urter i mat

Ordet urter blir også brukt om planter som blir brukt som krydder i mat, eller som te. Som regel er det blada ein bruker. Desse kan lukte og smake mykje. Ein kan bruke både friske og tørka urter i mat.

Vanlege urter i norske matretter er dill og persille. Andre urter har kome frå andre matkulturar. Oregano, basilikum, rosmarin og timian blir mykje brukt sør i Europa. Koriander er mykje brukt i Asia. Mynte er vanleg i Midtausten, og blir ofte brukt i dessertar og te.

Bruk

  • Smak. Urter har mykje smak, og kan vere med å gi enda meir smak i ein saus eller gryterett. Ein kan også bruke hakka urter når ein steiker kjøtt eller fisk. Om ein blandar hakka urter i smør, heiter det urtesmør. Dersom ein har urter i olje, heiter det urteolje.
  • Pynt. Urter har fin, grøn farge. Ein kan ha litt urter som pynt på ein matrett
  • Lukt. Nokre urter luktar mykje. I enkelte land er det vanleg å ha urter i små tøyposar. Ein slik pose blir kalla potpurri. Posen legg ein i klesskapet for at kleda eller sengetøyet skal lukte godt.

Urter blir også brukt til å gi smak til alkohol, for eksempel i brennevin og urtelikørar. Ein spesiell type urt blir brukt til å lage tobakk.

Historie

Før legane og den moderne vitskapen forska fram medisinar, blei urter og krydder brukt mot sjukdom. Det var fordi ein del urter og krydder inneheld stoff som er bra for kroppen.

Mange som var overtruiske hadde for eksempel rosmarin i ein pose rundt halsen. Det var fordi dei trudde urta beskytta mot pest.

Urter blir også brukt i sminke, kremar og parfyme. Urter brukast også i nokre religiøse seremoniar. For eksempel inneheld røykelse urter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen