En vakker ballsal med elegant kledte mennesker som danser sammen i par. De er kledt i historiske kostymer fra slutten av 1800-tallet.
Vals er ein elegant dans som ein også dansar på ball. Wienervals er ein raskare type vals. Denne valsen blei oppfunnen i Wien i Østerrike rundt 1830.
Foto av par som danser vals i historiske kostyme.
Av /Shutterstock.

Vals er både ein type dans og ein type musikk. Dansen blir ofte dansa i par.

For mange er vals ein romantisk dans. Vals vert ofte brukt i bryllaup som brureparet sin første dans saman. Då blir dansen kalla brurevals.

Vals er både kjend som ein selskapsdans og ein folkedans.

I Skandinavia er vals ein type runddans. Runddansar kallast også gammaldansar.

Kjenneteikn

I vals dansar ein til tredelt takt. Når ein dansar vals, tel ein gjerne «1-2-3, 1-2-3», med trykk på ein.

Paret som dansar i lag, held rundt kvarandre med den eine armen. Dei held hender med den andre armen.

Dersom det er ein mann og ei kvinne som dansar saman, har kvinna venstre hand på høgre skulder til mannen. Mannen har høgre arm rundt livet til kvinna. Dei brukar to taktar musikk på å snu ein heil gong rundt og held fram med å snu rundt kvarandre gjennom heile dansen.

Det finst ulike typar vals. Wienervals og engelsk vals er to eksempel. Ulike valsar kan ha ulikt tempo og energinivå. Wienervals er ein type vals som har litt høgare tempo og meir energi. Engelsk vals er ein rolegare type vals. I både wienervals og engelsk vals er det viktig med eleganse og flyt.

Wienervals og engelsk vals er også to av dei fem standarddansane i sportsdans. I sportsdans konkurrerar ein i ulike dansar.

Antrekk

Vals kan vere ein sosial dans, og det kan vere ein del av ein konkurranse. Når folk dansar vals sosialt, brukar dei dei kleda dei sjølve vil.

I konkurransar har dansarane på seg pynta og elegante antrekk. Kvinner har ofte på seg lange kjolar, høge hælar og lange hanskar.

Menn har ofte på seg svart dress med kvit skjorte og sløyfe.

Historie

Vals blei først moderne i Wien i Austerrike på slutten av 1700-talet. Wienervalsen kjem frå Wien.

Wienervalsen spreidde seg vidare i Europa på 1800-talet.

På 1900-talet blei engelsk vals meir populær. Då blei også den engelske valsen ein av dansane i sportsdans. Dei fire andre dansane i sportsdans er wienervals, tango, foxtrot og quickstep.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Elizabeth Svarstad