Hopp til innhald

Aguti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aguti
Utbreiing
Utbreiing av Dasyprocta i raudt og av slekta Myoprocta i blått (mørk farge der dei overlappar)
Utbreiing av Dasyprocta i raudt og av slekta Myoprocta i blått (mørk farge der dei overlappar)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Infraorden: Hystricognathi
Familie: Dasyproctidae
Slekt: Aguti Dasyprocta
Bonaparte, 1838

Aguti er ei nemning på fleire store gnagarartar i slekta Dasyprocta. Dei høyrer naturleg heime i Mellom-Amerika, dei nordlege og sentrale delane av Sør-Amerika og dei sørlege Små antillane. Nokre artar er òg innførte andre stader i Vestindia og i Vest-Afrika (Benin).[1] Dei er i slekt med marsvin og liknar mykje på dei, men er større og har lengre bein. Artane varierer mykje i farge og kan vere brune, raudlege, matt oransje, grålege eller svartlege, men har vanlegvis lysare underside. Kroppen er dekt av grove hår som reiser seg når dyret vert skremt.

Dei nærskylde pakaene vart tidlegare rekna til slekta Agouti, men desse dyra vart i 1998 omklassifiserte til slekta Cuniculus.[2]

Ein sentralamerikaaguti (Dasyprocta punctata) med mat
Raudbakaguti (Dasyprocta leporina)

Agutiar har fem tær på framføtene og tre på bakføtene. Den fyrste tåa er svært lita. Halen er svært kort eller heilt fråverande og utan hår. Jekslane har sylindriske kroner med fleire øyar og éi fold av tannemalje på sida. Dei veg 2,4–6 kg og er 40,5–76 cm lange, med korte, hårlause halar.[3] Dei fleste artane er brune på ryggen og kvitlege eller gulbrune på buken. Pelsen kan ha ein blank utsjånad og då skimre i oransje. Kjeldene er usamde om dei er dagaktive eller nattaktive dyr.[4]

Åtferd og levevis

[endre | endre wikiteksten]

I vill tilstand er dei sky dyr som flyktar frå menneske, medan dei i fangenskap kan verte tillitsfulle. På Trinidad er dei kjende for å vere særs raske løparar og kan halde jakthundar opptekne med å jage dei i timevis.[5]

Agutiar finst i skog og skogkledde område i Mellom- og Sør-Amerika. Leveområda omfattar regnskog, savanne og dyrka mark. Om natta gøymer dei seg i hole trestammer eller i hi mellom røter. Dei rører seg raskt og smidig, anten i ein slags trav eller gjennom ei rekkje hopp som kjem så raskt etter kvarandre at rørsla kan sjå ut som galopp. Dei går gjerne ut i vatn og er gode symjarar.

Når agutiar et, sit dei på bakbeina og held maten mellom framføtene. Dei kan samle seg i grupper på opptil 100 individ for å ete.[4] Dei et nedfallsfrukt, blad og røter, men kan stundom klatre i tre for å ete umogen frukt.[treng kjelde] Dei hamstrar mat i små lager som dei grev ned. Stundom et dei egg frå fuglar som hekkar på bakken, og til og med skaldyr på strender. Dei kan gjere skade på plantasjar med sukkerrøyr og bananar. Dei vert rekna mellom dei få dyra, saman med mellom anna araer, som kan opne paranøtter utan reiskapar. Dette kjem hovudsakleg av den store styrken deira og dei uvanleg skarpe tennene. I Sør-Brasil er nøttene frå Araucaria angustifolia ei viktig energikjelde.

Formeiring

[endre | endre wikiteksten]

Agutiar får kull på to til fire ungar etter ei fostertid på tre månader. Nokre artar får to kull i året, i mai og oktober, medan andre formeirar seg året rundt. Ungane vert fødde i hi som er fôra med blad, røter og hår. Dei er godt utvikla ved fødselen og kan vere oppe og ete innan ein time. Hannane vert haldne borte frå reiret medan ungane er svært små, men foreldra dannar parband som varer resten av livet. Agutiar kan leve i opptil 20 år, noko som er uvanleg lenge for ein gnagar.[4]

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Namnet aguti kjem anten frå guaraní eller klassisk tupi, som begge er søramerikanske urfolksspråk, der namnet vert skrive akuti.[6] Det portugisiske ordet for desse dyra, cutia, er avleidd frå dette opphavlege namnet.

Slektsnamnet Dasyprocta kjem frå gammalgresk δασύς (dasús), som tyder «hår», og πρωκτός (prōktós), som tyder «anus».

Andre namn

[endre | endre wikiteksten]

På spansk vert dyret kalla agutí. I Mexico vert agutiar kalla sereque.[7] I Panama er dyret kjent som ñeque,[8] og i det austlege Ecuador som guatusa.[9]

  1. ↑ Wilson, D. E.; Reeder, D. M., red. (2005). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3. utg.). Baltimore: Johns Hopkins University Press. ISBN 978-0-8018-8221-0. OCLC 62265494.
  2. ↑ Woods, C.A.; Kilpatrick, C.W. (2005). «Genus Cuniculus». I Wilson, D.E.; Reeder, D.M (red.). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd utg.). Johns Hopkins University Press. ISBN 978-0-8018-8221-0. OCLC 62265494.
  3. ↑ Emmons, L. H. (1997). Neotropical Rainforest Mammals (2nd utg.). s. 226–230. ISBN 0-226-20721-8.
  4. 1 2 3 Burton, Maurice; Burton, Robert (1974). The Funk & Wagnalls Wildlife Encyclopedia. Vol. 1. New York: Funk and Wagnalls. OCLC 20316938.
  5. ↑ Mendes, John (1986). Cote ce Cote la: Trinidad & Tobago Dictionary. Arima, Trinidad: Superb Inc. s. 2. ASIN B000EVO8JE.
  6. ↑ Simpson, George Gaylord (februar 1941). «Vernacular Names of South American Mammals». Journal of Mammalogy. 22 (1): 6. doi:10.2307/1374677. JSTOR 1374677.
  7. ↑ «What's in a name? Sereque or agouti, like a rose, still smells the same». Pelican Free Press. 30. juni 2010. Arkivert frå originalen 1. september 2016. Henta 28. september 2026.
  8. ↑ «Visit Us > Barro Colorado > What's there?». stri.si.edu. Panama: Smithsonian Tropical Research Institute. Arkivert frå originalen 2014-02-25. Henta 28. september 2026.
  9. ↑ «Astrocaryum urostachys Spec. Nov. Regni Veg. 35: 151 (1934)». Palmweb.org. Berlin Botanical Garden and Botanical Museum. 2011. Henta 28. september 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aguti