Hopp til innhald

Anton Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Berge
Fødd29. oktober 1892
Gjemnes kommune
Død4. juli 1951 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, agronom
Alle verv

Anton Berge (29. oktober 1892–4. juli 1951) var ein norsk landbruks-byråkrat frå Gjemnes på Nordmøre som 1950–51 representerte Østfold og Arbeidarpartiet på Stortinget.

Åra frå 1910 til 1918 utdanna Berge seg på landbruksskule i Bremsnes, Statens hagebruksskole på Hylla og Statens Småbrukslærerskole på Sem i Vestfold. 1918–1920 var han heradsgartnar i Askim, deretter 1920–1930, «småbrukslærar» (eigenleg landbruksvegleiar) i Råde. Sidan var han 1931–1950 fylkesagronom i Østfold og 1950–1951 fylkeslandbrukssjef i Østfold.

Berge var 1925–1951 formann i Østfold bonde- og småbrukarlag, 1938–1948 formann i Norges Birøkterlag. Frå 1947 til han døydde var han formann i Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1947–1951. Periodane 1925–1934 pg 1937–1940 sat han i kommunestyret i Råde. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for Østfold, døydde allereie sommaren 1951. Han var medlem i Landbrukskomiteen.

  • «Anton Berge». Stortinget.no.