Hopp til innhald

Ballinciaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballinciaga

Aktiv2018–
Sjangerpop, elektronisk dansemusikk
PlateselskapUniversal Music, Virgin Records

Ballinciaga, òg kjend som berre Ballin, er ei norsk musikkgruppe som gjev ut musikk innan dansemusikk- og popmusikk-sjangeren.[1][2]

Ballinciaga har sidan 2018 gjeve ut russelåter, men fekk fyrst det store gjennombrotet sitt med singelen «Loud Luxury 2022» saman med rapparen Kevin Lauren.[3] Ballinciaga fekk si fyrste topplassering på den norske singellista i 2022 med singelen «Dans på bordet» saman med TikTok-ar og musikar David Mokel.[4]

I april 2022 publiserte David Mokel ein video der han påstod at gruppa skulda han mellom 70 000 og 100 000 kroner. I ettertid gjekk begge partar ut og opplyste at det ikkje fanst nokon slik gjeldspost, og at videoen berre vart laga for å vekkja åtgaum rundt gruppa.[2]

I 2022 tok gruppa del i Debatten på NRK om russetida og russemusikk, seinare i 2022 opptredde dei på VG-lista på rådhusplassen i Oslo.[5][6] Dei vart nominerte til to prisar av P3 Gull 2022 for årets artist og årets låt med songen «Dans på bordet».[7]

Dei tre medlemene i gruppa opptrer alltid med rosa finlandshetter for å halda sin eigen identitet løynleg.[3]

Diskografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 2022: «Dans på bordet» (singel) – med David Mokel
  • 2022: «Beklager (guttaklubben)» (singel) – med Kris Winther
  • 2022: «Tante» (singel) – med Kevin Lauren
  • 2022: «Alt jeg vil (Skallebank 2022)» (singel)
  • 2022: «Loud Luxury 2022» (singel) – med Kevin Lauren
  • 2022: «Hot Boy Summer (Daydream 2022)» (singel)
  • 2022: «Kjære Alkohol» (singel) - med Roc Boyz
  • 2022: «Block Party» (singel) - med ADAAM[8]
  1. ↑ «Qobuz - Clubber Oppi France (Kaotisk Eleganse 2023)». Qobuz. Henta 2022-04-24.
  2. 1 2 Maren Olava Ask Hütt (2022-04-06). «David Mokel gikk ut mot Ballinciaga i stunt». VG. Henta 2022-04-17.
  3. 1 2 Suzie Moslet (2022-03-29). «Ballinciaga til 730.no: – Tekstene våre reflekterer en virkelighet som eksisterer». 730-no. Henta 2022-04-17.
  4. ↑ «Singel 2022 uke 11» (på bokmål). Henta 2022-03-18.
  5. ↑ Vollan, Mette (2022-04-21). «Russegruppens svarteliste ble lagt ut for 2600 følgere» (på bokmål). Henta 2022-04-22.
  6. ↑ Vold, Oda Karine Frøyen (2022-06-15). «Her er høydepunktene fra «VG-lista Rådhusplassen»» (på norsk). Henta 2022-07-12.
  7. ↑ «Slik blir årets «P3 Gull»». 2022-11-15. Henta 2022-11-25.
  8. ↑ «Ballinciaga albums and discography», Last.fm (på engelsk), henta 2022-12-05

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]