Dvergtistel
| Dvergtistel | |
Dvergtistel | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
| Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
| Underfamilie: | Carduoideae |
| Stamme: | Cynareae |
| Slekt: | Vegtistelslekta Cirsium |
| Art: | Dvergtistel C. acaule |
| Vitskapleg namn | |
| Cirsium acaule | |
Dvergtistel (Cirsium acaulon) er ein fleirårig plante i korgplantefamilien. Han veks i Noreg, men er svært sjeldan og blir rekna som truga.
Dette er den minste tistelarten i Noreg. Han blir opptil 10-15 cm høg. Han dannar ein rosett med spreidde, torna blad og ein blome i midten. Nokre av blada er hårete på undersida. Blomen er raudlilla og kvar plante dannar som regel berre ei korg. Dvergtistel tilhøyrer eit floraelement som hadde den største utbreiinga si i den varmekjære perioden i bronsealderen, og han trivst best på kalkrike enger og mark. Dvergtistel kan formeira seg vegetativt, men nyttar hovudsakleg frøforming. Fruktene kan spreiast med vind og dyr.
Tistelen blei fyrst funnen i Noreg i 1847, på Ulvøya i Oslo. Dette er framelis den einaste kjende førekomsten av dvergtistel i Noreg (bortsett frå eit tilfeldig ballastfunn), og her veks han i ein privat hage. Området er no totalfreda. I tillegg er denne førekomsten også rekna som verdas nordlegaste førekomst av arten. Dvergtistel står oppført på Norsk raudliste for artar som kritisk truga.
Etter andre verdskrigen var dvergtistelen rekna som utrydda, men han blei gjenoppdaga på Ulvøya i 1982. I dag er han truga av både auka utbygging, gjengroing og konkurranse frå rosebuskar. I 1998 blei det samla inn frø frå plantane på Ulvøya som tryggleik i tilfelle arten skulle forsvinna derfrå. Som eit forsøk på å redda arten blei han introdusert til naboøya, Padda, som er eit naturreservat.
Botanisk hage i Oslo har i dag eit eksemplar av dvergtistel i Osloryggen, eit anlegg som blei anlagt til Oslo by sitt 1000-årsjubileum i 2000.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dvergtistel» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juli 2026.