Eyvind Alnæs
Utsjånad
| Eyvind Alnæs | |||
| | |||
| Fødd | 29. april 1872 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Fredrikstad | ||
| Død | 24. desember 1932 (60 år) | ||
| Dødsstad | Oslo | ||
| Opphav | Noreg | ||
| Sjanger | symfoni | ||
| Instrument | pipeorgel, piano, orgel | ||
| Verka som | pianist, komponist, dirigent, korleder, akademisk musiker, organist | ||
| Born | Lise Børsum | ||
| Prisar | Kongens fortenestmedalje i gull, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, St. Hallvard-medaljen | ||
Eyvind Alnæs (29. april 1872–24. desember 1932) var ein norsk komponist frå Fredrikstad.
Alnæs studerte i Oslo hjå Iver Holter, i Leipzig hjå Carl Reinecke og i Berlin. Frå 1895 til 1907 var han organist i Drammen, deretter organist og kordirigent i Oslo. Han var med på å grunnleggje Norsk Komponistforbund.
Han komponerte to symfoniar, Variations symphoniques, ein pianokonsert, pianostykkje, koralpreludium for orgel, korstykkje og songar i seinromantisk stil. Dei mest kjende er romansane De hundrede violiner og Der du gjekk fyre.