Hopp til innhald

Fairbanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fairbanks
by
Land  USA
Areal 84,24445 km²
Folketal 32 515 (1. april 2020)[1]
Kart
Fairbanks
64°50′37″N 147°43′23″W / 64.843611111111°N 147.72305555556°W / 64.843611111111; -147.72305555556
Wikimedia Commons: Fairbanks, Alaska
Sentrum av Fairbanks

Fairbanks er ein by i den amerikanske delstaten Alaska med 31 535 innbyggarar (2010). Dette gjer han til den nest mest folkerike byen i Alaska etter Anchorage. Han er den største byen i den indre delen av delstaten og ligg på begge sider av elva Chena River.

I Fairbanks finst armébasen Fort Wainwright og flybasen Eielson Air Force Base, som vart bygde under den andre verdskrigen.

Byen ligg på på 64,5° nordlege breiddegrad (omtrent same breiddegrad som Namsos i Trøndelag). Mørketida om vinteren i Fairbanks er altså omtrent like lang som i Namsos.

Fairbanks har eit subarktisk innlandklima med store temperaturvariasjonar. Høgsommarane er korte og temperaturmessig særs like høgsomrane i Oslo. Vintrane er likevel mykje kaldare enn i Oslo, med temperaturar som ofte går under -25 grader celsius, som gjer Fairbanks til USAs kaldaste by.[2]

  • Fairbanks International Airport
  • Alaska Railroad
  • George Parks Highway
  1. ↑ United States Census Bureau (red.). «folketeljinga i USA 2020». Henta 1. januar 2022.
  2. ↑ The Coldest Cities in the United States

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fairbanks