Fergus Falls
Utsjånad
| Fergus Falls | |||
| by | |||
Rådhuset i Fergus Falls | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 39,821493 km² | ||
| Folketal | 14 119 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Fergus Falls 46°16′59″N 96°04′39″W / 46.2830152°N 96.0775581°W | |||
| Wikimedia Commons: Fergus Falls, Minnesota | |||
Fergus Falls er ein by i Otter Tail County i delstaten Minnesota i USA. Byen, som hyser fylkesadministrasjonen, har eit folketal på vel 13 000.
Fergus Falls er eit mikropol-område med eit variert næringsliv som omfattar helsetenester, vareproduksjon, handel, landbruk og informasjonsteknologi. Lake Region Healthcare, eit privateigd, integrert helsesystem med sjukehus, klinikkar, kreftforskningssenter og eit assistert bufellesskap, er største sysselsetjar i kommunen.
Den 22. juni 1919 vart byen råka av ein tornado som kosta 57 menneske livet. Større delar av byen vart jamna med jorda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ United States Census Bureau (red.). «folketeljinga i USA 2020». Henta 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Fergus Falls, Minnesota» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2020.
