Hopp til innhald

Kari Diesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Diesen

StatsborgarskapNoreg
Fødd24. juni 1914
Christiania
Død

18. mars 1987 (72 år)
Oslo

Yrkeskodespelar, songar
Språknorsk
Medlem avOslo Harmonikvartett[*]
FarHarald Steen
MorSigne Heide Steen
EktefelleErnst Diesen
Kari Diesen på Commons

Kari Diesen (24. juni 1914–18. mars 1987), fødd Kari Heide-Steen, var ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho vart særleg kjend for sine roller i revyar og filmar.

Foreldra hennar, Harald Steen og Signe Heide-Steen, var begge skodespelarar. Sjølv fekk ho tidleg barneroller på teatera i hovudstaden. Frå 1930-talet var ho ein populær aktør gjennom sine mange komiske figurar på revyscenene Chat Noir og Edderkoppen, der ho vekselvis var tilsett fram til 1964. På 1950- og 1960-talet spelte ho i mange filmar, mest kjend er ho for filmane Støv på hjernen, Sønner av Norge og Sønner av Norge kjøper bil.

I 1957 fekk Diesen stor suksess med songen «Hovedøen» av Vilhelm Dybwad, utgitt på His Master's Voice.