Hopp til innhald

Naoero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Naoero
Repubrikin Naoero
Republic of Naoero
Tidlegare namn: Nauru
Adjektiv: naurisk
Motto God's Will First ('Guds vilje fyrst')
Nasjonaldag 31. januar
Nasjonalsong «Nauru Bwiema»
Hovudstad Yaren (de facto)[a]
Største by Denigomodu
Offisielle språk naurisk, engelsk[1]
Flatevidd 21,0 km²
Folketal 13 650 (2017)[2]
Historie  
   Sjølvstende
     frå Australia
31. januar 1968
Styresett Republikk
   President David Adeang
   Vise-president Lionel Aingimea
BNP 145 536 603 US-dollar (2021)[3]
Gini 34,8 (2012)[4]
Tidssone UTC +12
Valuta Australsk dollar
Telefonkode +674
ISO 3166-kode NR
Toppnivådomene .nr
Wikimedia Commons: Nauru

Naoero, offisielt Republikken Naoero, tidlegare kjend som Nauru og Pleasant Island, er ein øyrepublikk i det sørlege Stillehavet.[5] Det er eit av verdas minste land både når det gjeld innbyggjarar og areal, og verdas minste republikk. Når det gjeld areal er det òg verdas minste land utanfor Europa.

Tysk anneksjonsseremoni i Naoero; kong Auweyida fremst i midten.
For meir om dette emnet, sjå Naurisk historie.

Dei fyrste busetjarane på øya seiast å ha kome for 2000 år sidan. I 1798 vitja britane øya og gav ho namnet «Pleasant Island».[6] I 1888 annekterte Tyskland øya, og ho vart ein del av det tyske protektoratet Marshalløyene. Ei tysk-britisk semje i 1906 resulterte i at det britiske føretaket Pacific Phosphate Company fekk byrja å utvinna fosfatressursane på øya.[7]

Mykje av den tidlegare rikdomen i landet kom frå dei store lagera av fosfat, dette trur ein enten er av guano eller anna marint opphav. Fosfatet vert brukt som gjødsel rundt om i verda, og det meste av det er eksportert til Australia. I og med at fosfatressursane no er så å seie oppbrukte, går Naoero ei usikker framtid i møte. På 1990-talet prøvde landet å få alternative inntektskjelder ved å introdusere seg sjølv som eit skatteparadis, men dette vart det ein slutt på i juli 2004.

Opphavet til namnet «Naoero» er ukjent. Det vart nytta av innbyggjarane henne då øya vart oppdaga av europearar. Tyske Paul Hambruch, som besøkte øya i mai 1909 og frå september til november 1910, gav forklaringa om at «Naoero» var eit samandrag av setninga «A-nuau-A-A-ororo» (i dag ville det vorte skrive «A nuaw ea arourõ»), som vert omsett med «eg går til stranda». I det tyske kolonileksikonet vart denne forklaringa brukt. Misjonæren Alois Kayser avviste at dette var sannsynleg – han hadde budd på øya i over tretti år, og heile tida jobba med språket – fordi det nauriske ordet for «strand», som eit mål for eit verb om rørsle, ville trenge ordet rodu «nedover (til)»; nauruarane ser på stranda som det lågaste punktet på øya. Det faktum at «rodu» manglar i Hambruch si ordforklaring gjer at dette er ei usannsynleg tolking av namnet.

Øya har òg hatt andre namn: dei engelske koloniherrane før 1888 kalla øya for Pleasant Island eller Shank Island, og dei tyske koloniherrane kalla den Nawodo eller Onawero. Namnet «Nauru» vart seinare skapt frå namnet «Naoero» slik at europearar og amerikanarar skulle kunne uttale namnet rett.

I august 2026 endra landet det internasjonale namnet sitt frå Nauru til Naoero.[8][9]

Kart over Naoero.

Naoero er ei koralløy i Stillehavet. Ho er ein typisk atoll på eit gamalt vulkankrater. Korallbasen som Naoero ligg på har røter rundt 2000 meter under havoverflata, og når cirka 61 meter over havet. Dette høgste punktet er langs kanten av platået, aust i Aiwo; denne kanten vert kalla Command Ridge. Samanlikna med andre atollar har Naoero ei veldig lita lagune. Ein kilometer frå øya er sjødjupnda allereie på 1000 meter. I det indre var øya nesten heilt dekt av fosfat (nauruitt), forma av fugleekskrement. Rundt 2 km² av øya består av skog. Naoero sitt maritime krav er 200 nautiske mil eksklusiv fiskesone, og 12 nautiske mil territorialsjø.

På grunn av Naoero si plassering rett sør for ekvator, ligg temperaturen rundt 27,5 °C heile året. Jordbruk er vanskeleg på grunn av den porøse kalksteinen, sidan vatnet forsvinn veldig raskt.

Naoero er direkte berørt av den globale oppvarminga, sidan øya kan søkke om havnivået stig ytterlegare. Naoero har påpeika dette fleire gongar i FN, og krev møte med USA og andre industriland.

Plante- og dyreliv

[endre | endre wikiteksten]
Kokospalme.
Foto: Andreas Hörstemeier

Det er ingen store dyr på Naoero. Dei einaste landdyra som lever på Naoero, utanom insekt, er nokre sjøfuglartar og husdyr som kattar, hundar og grisar, som vart teke med dit av nybyggjarar. Det finst berre éin type songfugl på øya, Nauru-røyrsongaren (Acrocephalus rehsei), som er eineståande for Naoero.

Øya har ein brei vasskant, som ved lågvatn er nesten fullstendig tørr, der ymse sjødyr og krabber lever, og korall veks. Mot land går eit belte med snøkvit korallsand. Her veks kokospalmar, tynn skog og pandangbusker. Dette perifere landskapet har vorte veldig endra av menneske. Rundt her går den asfalterte vegen på øya, og bygningar står i denne sonen.

Det naturlege landskapet i bakken opp mot det andre platået og det gamle korallrevet er vesentleg betre teke vare på. Her veks det skogar med kokospalmar, fikentre, Calophyllum og i nord også mangrovetre. På platåa var òg i si tid den største kokospalmeplantasjen på øya. Kirsebær-, fiken-, mandel- og mangotrea på Naoero vart hogne ned for lenge sidan. Inne på øya er det store skilnader mellom dei øyde dagbrotsområda og resten av marka, der det naturlege landskapet er teke vare på. Dei høgare områda har både lett og tett skog der det veks Calophyllum, eit middels høgt tre med kroka stamme og store blad. Hòleforma landskap har ein litt annan vegetasjon, som er lettare og tettare. Desse skilnadene vert forklart med at det er skilnader på vassmengda i jorda. Trass i nedbørsmengda, finn ein ingen spor av vassleie ned til havet. Grunnvatnet ligg djupt, for vatnet søkk raskt ned i den porøse fosfatsteinen. Difor er grunnen tørr året rundt.

Naturen på Naoero er veldig spesiell og uvanleg; rundt kysten er det blautdyr. Ein finn Helioporaria-korall med eit lyst koboltblått kalkskjelett. Dette er det einaste eksemplaret i Octocorallia-greina av korall. Helioporaria-korallane har eit lite leveområde: berre ved ekvator, og aldri i vatn med temperatur under 23 °C.

Satelittbilete over Naoero.

Det mest spektakulære på øya er underlege takker og pyramidar forma av fosfatutvinninga. Dei er fire til ti meter høge, og mellom dei har labyrintar av hòl forma seg. Dette er eineståande for denne øya; ingen andre stader finst noko tilsvarande.

Resten av øya er nesten som eit ørkenlandskap; fosfatet vart køyrt vekk med ei smalspora jarnbane, medan berre det døde måneaktige landskapet vart att. Det er ikkje noko jord att på steintakkene som vart att, og det er ikkje noko vegetasjon der. Regnvatn vert samla i hòla, men vert fort trekt ned i den porøse steinen.

Solnedgang på Naoero.

Geografar, geomorfologar og geologar har undersøkt naturen der, og funne ut at atollen Naoero har eksistert veldig lenge. Det sirkelforma korallrevet frå tertiærperioden er teke vare på heilt til i dag. I paleogperioden var det som i dag er Buada-lagunen, 60 m under havnivået i dag. I miosaperioden, ein del av den tidlege tertiærperioden, vart han heva kraftig, til 10 meter under havnivået i dag. Etter kvart vart det danna ein lagune, som er svært liten i høve til andre atollar sine, og hòla mellom steintakker og andre hòl vart fylte opp med guano, som etter kvart vart til fosfat.

Naoero har tropeklima med mykje årsnedbør som fell særs uregelmessig. Det kan vore periodar med tørke.

Kart over distrikta på øya Naoero.

Naoero er delt inn i 14 distrikt:

  1. Ingen offisiell hovudstad, men parlamentet ligg i Yaren.
  1. The World Factbook https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/nr.html.
  2. https://data.worldbank.org/indicator/SP.POP.TOTL.
  3. . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023.
  4. https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.
  5. «Nauru» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. Pedersen, Christian Fogd; Folke, Hans; Pinholt, Jens; Christiansen, Sofus. «Nauru» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 23. mai 2026.
  7. «Nauru» (på engelsk). Britannica. Henta 23. mai 2026.
  8. «Nauru officially changes its name to Naoero» (på engelsk). The Guardian. Henta 4. august 2026.
  9. «Nå er det offisielt: Nauru har byttet navn» (på norsk). VG. Henta 4. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Naoero