Olaf Scholz
| Olaf Scholz | |||
| | |||
| Fødd | 14. juni 1958 (68 år) Osnabrück | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Tyskland | ||
| Parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands (1975) | ||
| Religion | ikkje-religiøs | ||
| Yrke | politikar, advokat | ||
| Institusjonar | Zentralverband deutscher Konsumgenossenschaften e.V. | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Hamburg | ||
| Mor | Christel Scholz | ||
| Far | Gerhard Scholz | ||
| Ektefelle | Britta Ernst | ||
| Høgd | 170 centimeter[1] | ||
| Medlem | Angela Merkels første regjering Angela Merkels fjerde regjering Regjeringa Scholz | ||
| Alle verv |
| ||
Olaf Scholz (fødd 14. juni 1958) er ein tysk politikar frå Osnabrück.[2] Han har sidan 8. desember 2021 vore forbundskanslar i Tyskland, medlem i SPD.[3][4]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Olaf Scholz vart fødd i Osnabrück, og hadde sin barndom i Hamburg.[5] Faren hans arbeidde seg opp frå seljar til dagleg leiar i tekstilbransjen. Foreldra og besteforeldra som var jarnbanetilsette, kom frå Hamburg.[6] Scholz er utdanna jurist, og fekk advokatløyvet i 1985. Hans spesialfelt er arbeidsrett.
Scholz er gift med Britta Ernst, utdanningsminister i Brandenburg.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Scholz vart medlem av SPD i 1975, og var aktiv i ungdomsorganisasjonen Jusos, blant anna som føderal nestleiar (1982–1988). Han var leiar for SPD i Hamburg frå 2000 til 2004, og vart valt inn i det føderale styre til SPD i 2001. Frå 2005 til 2007 var Scholz parlamentarisk forretningsførar for SPDs Forbundsdagsfraksjon. Frå mai til oktober 2001 var han senator for innanrikssaker i bystaten Hamburg.
Scholz var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1998 til 2001, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar for Angela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.[4][7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.focus.de/politik/deutschland/bei-ard-interview-um-mich-an-soeder-anzupassen-von-oben-merz-witzelt-ueber-soeder-vergleich_id_260390850.html. Henta 9. april 2025.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ «Olaf Scholz» (på engelsk). Die Bundesregierung. Henta 2023-08-12.
- ↑ Ray, Michael. (14. juli 2023). Olaf Scholz. Encyclopedia Britannica.
- 1 2 «Bundestag wählt Olaf Scholz zum neuen Bundeskanzler» (på tysk). Der Spiegel. 2021-12-08. Arkivert frå originalen 2021-12-08. Henta 2021-12-08.
{{cite web}}: Invalid|url-status=død(hjelp) - ↑ «Olaf Scholz». Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) (på tysk). Arkivert frå originalen 2018-03-12. Henta 2018-03-11.
{{cite web}}: Invalid|url-status=død(hjelp) - ↑ Ravensburg, Munzinger-Archiv GmbH,. «Olaf Scholz - Munzinger Biographie». www.munzinger.de (på tysk). Henta 2018-03-11.
{{cite web}}: CS1 maint: extra punctuation (link) CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ «Ny tysk regjeringsplattform klar - kull skal ut, cannabis skal inn». TV 2 (på norsk). 2021-11-24. Henta 2021-11-27.
- Denne artikkelen bygger på «Olaf Scholz» frå Wikipedia på tysk, den 16. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Olaf Scholz» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad

- «Olaf Scholz» (på engelsk). Bruegel.
- «Olaf Scholz: Who is Germany's new chancellor?» (på engelsk). BBC.