Hopp til innhald

Oljepalmeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oljepalmeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Palmeordenen Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Slekt: Oljepalmeslekta Elaeis
Jacq.

Oljepalmeslekta (Elaeis, frå gresk for 'olje') er ei planteslekt i palmefamilien som omfattar to artar. Trea i slekta blir brukt til å produsera palmeolje. Afrikansk oljepalme Elaeis guineensis (artsnamnet guineensis viser til landet det stammar frå) er hovudkjelda til palmeolje. Arten kjem frå Vest- og Sørvest-Afrika, og finst mellom Angola og Gambia. Amerikansk oljepalme Elaeis oleifera (frå latin oleifer, 'oljelagande')[1] stammar frå tropisk Mellom- og Sør-Amerika,[2] og blir brukt i dette området til å produsera olje.

Mogne og umogne frukter på afrikansk oljepalmetre i Ghana.

Utvaksne palmar har ein enkel stamme, og kan bli over 20 meter høge. Lauvet er parflika og blir rundt 3-5 meter lange. Blomane dannar tette klumpar; kvar enkelt blome er liten, med tre kronblad og tre begerblad. Palmefrukta er raudleg, omtrent på storleik med ei stor plomme, og veks i store klynger. Kvar frukt har ein oljete, tjukt ytterlag (perikarp), og eitt frø (palmekjerna), som også er rik på olje.

Amerikanske oljepalmetre i Chiapas i Mexico.

Dei to artane, E. guineensis og E. oleifera, kan danna fertile hybridar. Ein har sekvensert genomet til E. guineensis, noko som kan gjera det lettare å avla fram forbetra jordbruksplantar.[3]

Bilde Vitskapleg namn Norsk namn Utbreiing
Elaeis guineensis Jacq. Afrikansk oljepalme Vest- og Sørvest-Africa, særleg området mellom Angola og Gambia
Elaeis oleifera (Kunth) Cortés Amerikansk oljepalme Sør- og Mellom-Amerika frå Honduras til nord i Brazsl

Kommersiell dyrking

[endre | endre wikiteksten]

Menneske har brukt palmeolje i Vest-Afrika i kanskje så mykje som 5000 år. På 1800-talet oppdaga arkeologar også slik olje i Abydos i Egypt frå 3000 f.Kr.[4]

Sidan palmolje inneheld meir metta feitt enn andre vanlege planteoljer, kan ho brukast til hard frityrsteiking utan å oksidera.[5] Olja inneheld ikkje transfeitt, og bruken av olja i mat har auka etter innføring av reglar om å merka mat med transfeittinnhaldi. Olje frå Elaeis guineensis blir også brukt til biodrivstoff.

Elaeis guineensis blir no dyrka i ei rekkje tropiske land utanfor Afrika, særleg i Malaysia og Indonesia, som til saman produserer det meste av palmeolja i verda, rundt 90 %. Plantasjar der ein dyrkar oljepalmar kan føra til avskoging, ofte av regnskog med stort biologisk mangfald, auka utslepp av drivhusgass og negative innverknadar på lokalsamfunn.[6] Palmeolje er derfor eit kontroversielt produkt.[7]

  1. ↑ Gledhill, David (2008). The Name of Plants (4. utg.). Cambridge: University Press. s. 279.
  2. ↑ Collins Guide to Tropical Plants, ISBN 0-00-219112-1
  3. ↑ Singh, R.; Ong-Abdullah, M.; Low, E.-T.L.; Manaf, M.A.A.; Rosli, R.; Nookiah, R.; Ooi, L.C.-L.; Ooi, S.-E.; Chan, K.-L. (2013). «Oil palm genome sequence reveals divergence of interfertile species in Old and New worlds». Nature. 500 (7462): 335–339. doi:10.1038/nature12309. PMC 3929164. PMID 23883927.
  4. ↑ Kiple, Kenneth F.; Conee Ornelas, Kriemhild, red. (2000). The Cambridge World History of Food. Cambridge University Press. ISBN 0521402166. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 30. august 2012.
  5. ↑ De Marco, Elena; Savarese, Maria; Parisini, Cristina; Battimo, Ilaria; Falco, Salvatore; Sacchi, Raffaele (2007). «Frying performance of a sunflower/palm oil blend in comparison with pure palm oil». European Journal of Lipid Science and Technology. 109 (3): 237–246. doi:10.1002/ejlt.200600192.
  6. ↑ «Palm Oil Plantations Are Blamed For Many Evils. But Change Is Coming». NPR.org (på engelsk). Henta 2017-07-19.
  7. ↑ «Why palm oil is so controversial». The Independent. 24. august 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]