Hopp til innhald

Randi Stene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randi Stene

StatsborgarskapNoreg
Fødd12. april 1963 (63 år)
Trondheim
Yrkeoperasongar, musikar, songar

Randi Stene (fødd 12. april 1963 i Trondheim) er ein norsk mezzosopran og operasjef.

Stene studerte i Trondheim og Oslo og avslutta utdanninga si som operasongar på Operaakademiet i København.[1] Ho var solist og fast tilknytt Det Kongelige Teater i København frå 1988 til 2020.[1]

Stene var finalist i konkurransen Cardiff Singer of the World i 1991.[2] Ho opptredde som Octavian i Rosenkavaleren ved Opéra Bastille i Paris i 1993 og sidan i same rolle i London.[3][4] Rolla som Silla i Hans Pfitzner sin opera Palestrina ved Covent Garden førte ho også raskt til Metropolitan Opera i New York.

Som konsertsolist har Randi Stene opptredd blant anna under BBC Proms med Esa-Pekka Salonen og Festspela i Salzburg med Philippe Herreweghe. Ho er hyppig gjest hos dei nordiske hovudstadorkestera. Ho deltok ved opninga av det nye operahuset i København og i nyproduksjonen av Verdi sin opera Aida. Innspelingane hennar av symfonisk musikk omfattar blant anna songar av Hugo Alfvén, John Dowland, Edvard Grieg, Wilhelm Peterson-Berger og Jean Sibelius.

I 2009 blei Randi Stene tilsett som professor i song på Noregs musikkhøgskole, og i 2013 blei ho tilknytt Trondheim Symfoniorkester & Opera (TSO) som casting-ansvarleg. I 2019 blei ho operasjef ved TSO,[5] og frå august 2020 operasjef ved Den Norske Opera & Ballett.[6][7] Stene er også kunstnarisk leiar for vokalkurset under Voksenåsen Sommerakademi og Vinterakademi.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Program Den norske Opera og Ballett, Eugen Onegin 2020.
  2. ↑ «BBC - BBC Cardiff Singer of the World, 1991 - The Final». BBC (på britisk engelsk). Henta 2020-02-16.
  3. ↑ Wærhaug, Sølvi (18. oktober 1993). «Paris-debut med glans». VG: 45.
  4. ↑ Saxvik, Øystein (2009-03-02). «Mezzosopranen Randi Stene». NRK (på bokmål). Henta 2020-01-28.
  5. ↑ «Randi Stene skal lede opera-satsing i hjembyen». Trondheim Symfoniorkester (på norsk). Arkivert frå originalen 2020-01-28. Henta 2020-01-28. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)
  6. ↑ Svendsen, Maiken (2020-01-28). «Randi Stene blir ny operasjef: – Selve drømmejobben». NRK (på bokmål). Henta 2020-01-28.
  7. ↑ Hilde Bjørhovde: Den nye operasjefen: -Jeg får ekstra gir i krisetider - Portrettintervju i Aftenposten 27. november 2020
  8. ↑ Jevne, Per Ø. (30. november 1996). «Kulturkvinner fikk hver sin pris». Adresseavisen. s. 28. «Ordfører Marin Wiseth overrakte i går Trondheim kommunes kulturpris for 1996 til mezzosopran Randi Stene og billedkunstner Astrid Walster Holdbakk.»
  9. ↑ Mottakere av Sør-Trøndelag fylkeskommunes kulturpris (1976-2012) (PDF). Hos Wayback Machine; stfk.no. 29. august 2013. Besøkt 22. mai 2023.