Sigmund Mowinckel
| Sigmund Mowinckel | |||
| | |||
| Fødd | 4. august 1884 Kjerringøy, Kjerringøy | ||
|---|---|---|---|
| Død | 4. juni 1965 Oslo | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | teolog, professor, pedagog, omsetjar, bibelomsetjar, universitetslærar, Hebrew Bible scholar, protestantisk teolog | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Sigmund Olaf Plytt Mowinckel (4. august 1884–4. juni 1965) var ein norsk teolog fødd i Kjerringøy. Han var ein internasjonalt kjend forskar på Det gamle testamentet.
Prestesonen Mowinckel vart cand.theol. i 1908. 1911-13 studerte han i Tyskland og vart påverka av den tyske gammaltestament-forskaren Hermann Gunkel. Seinare verka også den danske religionshistorikaren Vilhelm Grønbech inn på Mowinckels forfattarskap.
Frå 1915 var Mowinckel tilsett ved Det teologiske fakultet i Oslo, fyrst som universitetsstipendiat og sidan 1917 som dosent, frå 1922 i professor-stilling. Gjennom artiklar og bøker ytte han viktige bidrag til utforskinga av dei historiske, profetiske og poetiske tekstane. Sterkast interesse fanga hans studiar av dei bibelske salmane. Dei seks delane i Psalmenstudien, som kom ut i åra 1921–24, vart grundig diskutert innom fagfeltet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sigmund Mowinckel i Norsk Biografisk Leksikon ved snl.no