Hopp til innhald

Skotsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det keltiske språket, sjå skotsk-gælisk.
Skotsk
Scots/Lallans
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Skotsk
Bruk
Tala i  Skottland
Flagget til Nord-Irland Ulster (Nord-Irland)
Skotsktalande i alt 1 508 540 som kan tala skotsk; 55 817 som sa dei tala skotsk heime (2011)[1]
Språkkodar
ISO 639-2 sco
ISO 639-3 sco


Andelen av innbyggjarar ved folketeljinga i 2011 over 3 år som sa dei kunne tala låglandsskotsk.

Wikipedia på skotsk

Skotsk (Scots) eller låglandsskotsk (Lallans) er eit språk som blir tala i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster, dei fleste av dei i Nord-Irland men òg i grenseområda i Republikken Irland. Språket blir kalla «låglandsskotsk» for å skilje det frå skotsk gælisk som blir tala i høglandet, men det blir også kalla berre «skotsk» og for ulsterskotsk i Irland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt av engelsk.[2]

Wikitongues - den skotske diktaren Christine De Luca snakkar den shetlandske utgåva av skotsk.

Skotsk stammar frå den northumbriske forma for mellomengelsk, som inngår i samlenamnet angliske språk. Det er sterkt påverka av gælisk, men også av nederlandsk og lågsaksisk gjennom handel og innvandring frå Nederlanda. Dialektkontakt mellom skotsk og engelsk førte også til dei noverande skotske dialektane av engelsk (også kjent som skotsk-engelsk) som blir akseptert som godt språk i Skottland i dag.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste verka på skotsk er John Barbour sitt epos Brus frå 1300-talet, Wyntoun sitt Cronykil og Blind Harry sitt The Wallace frå 1400-talet. Frå 1400-talet av blei det skapt mykje litteratur kring det kongelege hoffet i Edinburgh og ved University of St Andrews av forfattarar som Robert Henryson, William Dunbar, Gavin Douglas og David Lyndsay. The Complaynt of Scotland var eit tidleg trykt verk på skotsk. Eneados er ei mellomskotsk omsetjing av Æneiden fullført av Gavin Douglas i 1513.

Etter 1600-talet auka anglifiseringa i Skottland. På denne tida blei mange munnlege balladar frå grenseområda og nordaust skrivne ned. Forfattarar frå denne perioden var Robert Sempill, Robert Sempill den yngre, Francis Sempill, lady Wardlaw og lady Grizel Baillie.

På 1700-talet heldt forfattarar som Allan Ramsay, Robert Burns, James Orr, Robert Fergusson og Walter Scott fram med å bruka skotsk. Burns sin kjende «Auld Lang Syne» er til dømes skriven på skotsk. Scott nytta dialogar på skotsk i romanane sine. Andre kjende forfattarar som Robert Louis Stevenson, William Alexander, George MacDonald, J.M. Barrie og andre medlemmer av Kailyard-skule som Ian Maclaren skreiv også på skotsk eller nytta det i dialogar.

  1. «Scotland's Census 2011 - Languages».
  2. Aitken, A. J. (1992). The Oxford Companion to the English Language. Oxford University Press. s. 894.