Thrash metal
| Thrash metal | |||
| | |||
| Stilmessig opphav | NWOBHM Speed metal Hardcore punk | ||
|---|---|---|---|
| Kulturelt opphav | USA tidleg i 1980-åra | ||
| Typiske instrument | Elektrisk gitar Bassgitar Trommesett Sang | ||
| Avleidde former | Death metal Black metal Groove metal | ||
| Blandingssjangrar | |||
| Crossover thrash Metalcore Grindcore | |||
| Musikalske scener | |||
| Tyskland, Brasil, USA, Polen, Colombia, Australia, Canada, Finland | |||
| Andre emne | |||
| Ekstrem metal | |||
Thrash metal er ein undersjanger av heavy metal, og har opphav frå starten til midten av 1980-talet.[1] hovedsakelig i USA og Tyskland.[2]
Mot slutten av 1970 talet var det pønk som var alternativet, heavy metal og hard rock vart av mange sett på som avleggs og lite utviklande. Dette var med å føra fram til denne nye metalstilen. Thrash kombinerte aggresjon og fart frå pønk med klassiske tunge heavy metal riff. Det vart sett fokus på ein blanding av brutalitet og teknikk i gitar-riff, gitar-soloar og aggressiv tromming. «Dei fire store» thrash metal-banda i historia er Metallica, Slayer, Anthrax og Megadeth.[3]
Den største thrash metal-scena finn ein i Bay Area i San Francisco. Her var pionerane Exodus, Death Angel, Heathen, Metallica og Testament. Bandet som kanskje har gjord denne sjangeren mest kjend er Metallica. Dei henta inspirasjon frå britiske band som til dømes Iron Maiden. Sjangeren oppstod òg som ein reaksjon mot det stadig veksande glam-miljøet. Den andre store bølgja var den teutonske thrash metal-scena frå Tyskland med Kreator, Sodom, Destruction og Tankard i spissen. I Noreg er det fyrst og fremst Fredrikstad-bandet Equinox som gjorde thrashen kjend.
Thrash Metal fekk namnet sitt frå pønkscena. Alt i 1978 var det ei stor undergrunns-thrashpønkscene i New York, og demokassetten new york thrash cassette vart utgjeven dette året (dette var fyrste gong ordet «thrash» vart nytta som musikkterminologi).
På 1990-talet dabba interessa for thrash metal, og sjangrar som mellom anna death metal, black metal og nu metal tok over mykje av merksemda.
Thrash metal band
[endre | endre wikiteksten]Norske thrash metal-band
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ About.com – What Is Thrash Metal? Arkivert 21. februar 2012 på Wayback Machine. It started in the early to mid '80s and was at its peak in the late '80s
- ↑ About.com – What Is Thrash Metal? Arkivert 21. februar 2012 på Wayback Machine. the early thrash bands were from San Francisco ...There was also a strong European thrash scene, especially in Germany
- ↑ Dagbladet – Metallica i hundre på thrash-fest «Thrash metalens «Fire Store», Metallica, Slayer, Megadeth og Anthrax holder hoff på Nya Ullevi stadion»
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |