Hopp til innhald

Wilson Kipketer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilson Kipketer

StatsborgarskapKongeriket Danmark
Fødd12. desember 1972 (53 år)
Kapchemoiywo
Yrkemellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språkengelsk
Høgd172 centimeter
Wilson Kipketer på Commons

Wilson Kipketer Kosgei (fødd 12. desember 1972) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Danmark. Han vart verdsmeister på 800 meter tre gongar på rad; 1995, 1997 og 1999. I 2000 vann han OL-sølv og 2004 OL-bronse på same distansen. Sommaren 1997 forbetra Kipketer verdsrekorden to gongar, fyrst med eit halvt sekund til 1.41,24 i Zürich, og deretter den 7. juli til 1.41,11 i Köln. Rekorden vart sletta av David Rudisha i 2010.

Kipketer reiste i 1990 til Danmark for å studere elektroteknikk. Etter 1993 var han jamnt i verdstoppen på 800 meter. 22. juli 1994 sette han personleg rekord med 1.43,29 då han sigra i Bislett Games, framom Vebjørn Rodal som sette norsk rekord på 1.43,50. Sommaren 1995 noterte Kipketer seg for 1.42,87 både i Monaco og i Zürich. I tida mellom dei to rekordløpa vann han, med stor margin, gullmedaljen på 800 meter under Friidretts-VM i Göteborg i 1995.

Kipketer var ikkje med i Sommar-OL 1996, då Kenya nekta han å delta. Derimot presterte han årets beste 800-meterløp i Rieti den 1. september. Tida 1.41,83 var nøyaktig ti hundredels sekund bakom verdsrekorden til Sebastian Coe. Tidleg i juli 1997 tangerte Kipketer den 16 år gamle verdsrekorden i Stockholm. Ein månad seinare triumferte Kipketer i verdsmeisterskapen i Aten, før han i Zürich den 13. august forbetra verdrekorden til 1.41,24. Allereie den 24. august flytta han verdsrekorden til 1.41.11 i Köln. Åra 1996 og 1997 vann han samtlege 28 løp han stilte til start.

Eit tilfelle av malaria førte til at han i 1998 ikkje kom under 1.43 på 800 meter. I 1999 kneip han gullmedaljen på 800 ved verdsmeisterskapen i Sevilla, hårfint føre Hezekiel Sepeng frå Sør-Afrika. Straks etter viste Kipketer på ny klasse då han vann eit GL-stemne i Brussel på 1.42,27, årsbeste i verda. Til dei olympiske sommarleikane i Sydney 2000 kom han som favoritt. Etter eit løp som lenge gjekk i moderat fart, makta han ikkje stå mot tyske Nils Schumann sin sterke spurt og kneip så vidt sølvmedaljen.

2002-sesongen sikra Kipketer seg gullmedaljen på 800 m i europameisterskapen, og han stod for årsbeste i verda med 1.42,32 i Rieti. Sidan sleit han med småskadar. Han vart såleis fjerdemann på distansen ved verdsmeisterskapen 2003. Året etter sprang han inn til bronse ved sommarleikane i Aten. Han la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]