Versj. 17
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 28. desember 2023. Artikkelen endret 7 tegn fra forrige versjon.

Presens er ei form av verbet som plasserer ei hending i notida.

Setninga Morten er sjuk har presensforma er, somfortel at tidsrommet då Morten er sjuk, er no, det vil seie på tidspunktet då setninga blir ytra — munnleg eller skriftleg.

Presens (notid) høyrer heime i den grammatiske kategorien tempus (verbtid) og står i motsetnad til preteritum (fortid) og futurum (framtid), som vist i denne tabellen, der «no» er det tidspunktet da ei setning blir ytra:

før no

no etter no
preteritum presens futurum

Presens inneber ei overlapping med tidspunktet då utsegna blir ytra, men hendinga som blir plassert i tid, kan varierer sterkt i lengd, frå det som berre gjeld ein augeblink til noko bortimot uavgrensa:

  1. Der headar Haaland ballen i mål!
  2. Dei sit og et middag, så vi får vente litt.
  3. Det regner i dag.
  4. Per og Kari er på ferie i Spania denne veka.
  5. Ali er norsk.
  6. Noreg og Sverige ligg ved sida av kvarandre.
  7. Kvalen er eit pattedyr.
  8. Jorda er rund.
  9. Universet utvidar seg.
  10. Muslimar ber fem gonger kvar dag.

Legg merke til setning 10, som uttrykkjer noko habituelt, slik at handlinga ikkje treng å pågå akkurat på ytringstiddpunktet.

Som i andre germanske språk kan presens også brukast om framtida:

  • Ha det, ser deg i morgon!

I samiske og austersjøfinske språk er denne bruksmåten av presens endå meir gjennomført enn i germanske språk, og ein kan argumentere for at dei verbformene som blir kalla presens i desse språka, eigentleg burde kallast ikke-preteritum. Sjå meir om dette i artikkelen tempus.

Historisk presens er bruk av presens om fortidige forhold, oftast for å gjere framstillinga meir levande og nær. Denne bruken av presens er svært vanleg i omtale av idrett:

  • Det norske laget får nytt mot når Carew skårar.

Strengt teke burde det vi her har kalla tempus, kallast absolutt tempus, som står i motsetnad til relativ tempus:

  • Absolutt tempus: preteritum, presens, futurum
  • Relativt tempus: perfektum, imperfektum, prospektiv

Relativt tempus er definert ut ifrå referansetidspunktet, det vil seie tidspunktet som ei setning viser til.