Versj. 18
Denne versjonen ble publisert av Rolf Theil 30. desember 2023. Artikkelen endret 792 tegn fra forrige versjon.

Presens er ei form av verbet som plasserer ei hending i notida, som i ein grammatisk samanheng tyder ytringstidspunktet, det vil seie tidspunktet då setninga blir ytra — munnleg eller skriftleg.

Setninga Morten er sjuk har presensforma er, som fortel at tidsrommet då Morten er sjuk, overlappar med ytringstidspunktet.

Presens (notid) høyrer heime i den grammatiske kategorien tempus (verbtid) og står i motsetnad til preteritum (fortid) og futurum (framtid), som vist i denne tabellen:

før Y

ytringstidspunktet (Y) etter Y
preteritum presens futurum

Presens inneber ei overlapping med tidspunktet då utsegna blir ytra, men hendinga som blir plassert i tid, kan varierer sterkt i lengd, frå det som berre gjeld ein augeblink til noko bortimot uavgrensa:

  1. Der headar Haaland ballen i mål!
  2. Dei sit og et middag, så vi får vente litt.
  3. Det regner i dag.
  4. Per og Kari er på ferie i Spania denne veka.
  5. Ali er norsk.
  6. Noreg og Sverige ligg ved sida av kvarandre.
  7. Kvalen er eit pattedyr.
  8. Jorda er rund.
  9. Universet utvidar seg.
  10. Muslimar ber fem gonger kvar dag.

Legg merke til setning 10, som uttrykkjer noko habituelt, slik at handlinga ikkje treng å pågå akkurat på ytringstidspunktet, men er vanleg over ein periode som overlappar med ytringstidspunktet.

Som i andre germanske språk kan presens også brukast om framtida:

  • Ha det, ser deg i morgon!

I samiske og austersjøfinske språk er denne bruksmåten av presens endå meir gjennomført enn i germanske språk, og ein kan argumentere for at dei verbformene som blir kalla presens i desse språka, eigentleg burde kallast ikke-preteritum. Sjå meir om dette i artikkelen tempus.

Historisk presens er bruk av presens om fortidige forhold, oftast for å gjere framstillinga meir levande og nær. Denne bruken av presens er svært vanleg i omtale av idrett, og setninga nedanfor blei ytra etter at kampen var slutt:

  • Det norske laget får nytt mot når Carew skårar.

Strengt teke burde det vi her har kalla tempus, kallast absolutt tempus, som står i motsetnad til relativt tempus:

  • Absolutt tempus: (absolutt) preteritum, (absolutt) presens, (absolutt) futurum
  • Relativt tempus: relativ preteritum, relativ presens, relativ futurum

Mens (absolutt) tempus er definert i relasjon til ytringstidspunktet, er relativt tempus definert i relasjon til referansetidspunktet, det vil seie eit tidspunkt som er omtala eller underforstått i samanhengen.