Lesja er ein kommune nordvest i Innlandet fylke, øvst i Gudbrandsdalen. Noverande Dovre kommune var fram til 1863 ein del av Lesja herad og prestegjeld, men vart utskilt frå Lesja frå dette året. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1863, då Dovre kommune blei skild ut frå Lesja. Administrasjonssenteret er Lesja, og andre mindre stader er Lesjaverk, Lesjaskog og Bjorli.
I nordvest og nord er kommunegrensa òg fylkesgrense mot Møre og Romsdal og ei kort strekning mot Trøndelag.
Natur
Lesja ligg på begge sider av dalføret som blir danna av det ti kilometer lange Lesjaskogsvatnet (611 meter over havet), med Gudbrandsdalslågen som går mot aust og Rauma mot vest. Lågen fell 100 meter på dei 30 kilometrane som ligg i Lesja. Raumas løp er stuttare og brattare.
Lesjaskogsvatnet var to vatn som ved oppdemming for Lesjaverket vart gjort samanhengande. Lesjaskogsvatnet har to utløp, med Rauma som renn ut i nord, og Gudbrandsdalslågen som renn ut i sør. I hovudbygda låg det ti kvadratkilometer store Lesjavatnet som vart tappa ut omkring 1860 for å vinne inn dyrkingsjord. I fjella i nord ligg Aursjøen og Gautsjøen, hovudmagasin for Aura-anlegget.
Mesteparten av arealet i kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Det høgaste fjellet er Storstyggesvånåtinden (2209 meter over havet), som ligg i Dovrefjell nasjonalpark. På sørsida av hovuddalføret ligg fjellområdet Reinheimen (verna som nasjonalpark i 2006) med Gråhø, 2014 meter over havet, som den høgaste toppen. Noreg er i dag det einaste landet i Europa der den opphavlege ville fjellreinen framleis lever, og i Lesja er det nesten urørte naturområde i høgfjella, med store villreinstammer. 81 prosent av arealet i kommunen er verna som nasjonalpark og landskapsvernområde.
Berggrunnen er hovudsakleg gneis, dei høgaste områda i nordaust ligg i det same sparagmittområdet som Snøhetta. Hovuddalføret med Gudbrandsdalslågen har fleire terrassar etter bredemte sjøar frå slutten av siste istid. Jorda her er sandhaldig.
Klima
Kommunen har innlandsklima, med kalde vintrar og varme somrar. Dalen ligg i regnskuggen av fjella i vest, og nedbøren er svært sparsam til Noreg å vere. Med skjermar på åkrane forsøkte ein tidlegare å hindre at snøen bles bort, slik at jorda kunne få mest mogleg fukt. Dette er i dag erstatta av moderne vatningsanlegg.
Befolkning og busetjing
Folketalet i Lesja har vore minkande sidan 1980-talet. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 3,7 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i Innlandet fylke. I 2024 var 21 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 28 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).
Det meste av busetjinga finst på nordsida av hovuddalføret, med ein større konsentrasjon i administrasjonssenteret Lesja.
Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det ingen tettstader i kommunen. Definisjonen av ein tettstad er at det er minst 200 innbyggjarar og at det er mindre enn 50 meter mellom husa.
Næringsliv
Som i andre fjellbygder er jordbruket dominert av husdyrhald og fôrproduksjon. Skogen er seintveksande, men gir grunnlag for ei viss avverking (furu og litt fjellbjørk). Landbruket gir grunnlag for noko industri, mellom anna ysteri og sagbruk, trevare- og møbelindustri. Lesja Bulldozerlag er ein større maskinentreprenør med oppdrag langt utanfor kommunen. Alt i alt har Lesja særs mange arbeidsplassar i bygge- og anleggsnæringa. Turistnæringa er i utvikling; særleg har Bjorli vakse fram som ein viktig vintersportsstad med hotell og alpinanlegg.
Lesja har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 13,2 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Kvernåi (i drift fra 2017), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Valåe (2014) og Sagelva (2006). Småkraft er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Silje Stueflotten med om lag ein fjerdedel.
Samferdsel
E136 går gjennom hovuddalføret parallelt med Raumabanen, med mange turistanlegg langs vegen.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Lesja høyrer til Innlandet politidistrikt, Gudbrandsdal tingrett og Eidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionsråd saman med Dovre, Lom, Sel, Skjåk og Vågå.
Lesja kommune svarer til sokna Lesja/Lesjaskog i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Lesja til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.
Delområde og grunnkrinsar i Lesja
For statistiske formål er Lesja kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:
- Lesjaskog: Bjorli, Rånå, Enebo, Kyrkjekrinsen, Sletten, Verket, Svarthø, Skarvehøene
- Lesja: Nordmo, Lyftingsmo vest, Lyftingsmo øst, Kyrkjebygda, Bø, Kjøremgrenda, Joramo, Dalsida, Lordalen/Grønhø
Historikk og kultur
Den viktigaste naturlege attraksjonen er dei store, til dels urørte fjellområda med ein stor villreinstamme. Lesja bygdemuseum nær Lesja sentrum er eit friluftsmuseum som formidlar ulike sider ved kulturhistoria i området. Like ved museet ligg Lesja kyrkje. Kyrkja er ei korskyrkje av tømmer frå 1749 med rikt utskore inventar, spesielt er altertavla kjend. Ho er laga av den kjende bygdekunstnaren Jakob Klukstad, som opphavleg var frå Lom, men som slo seg ned i Lesja. Lesjaskog kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1697. Ved Lesjaverk kan ein sjå restar av jernverket som mellom 1652 og 1812 dreiv jernmalmutvinning nord for Lesjaskogsvatnet.
Vigga er lokalavis for kommunane Lesja og Dovre og kjem ut ein gong i veka. Også dagsavisa Gudbrandsdølen Dagningen, som kjem ut på Lillehammer, dekkjer nyhende i Lesja.
Kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein blå skjoldfot med spiss oppover mot eit sølv bakgrunn. Dette viser til Lesja kyrkje i profil.
Kart
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja, 1987-2008, 4 bind. (Gardsnavn- og nummerregister, av T.B. Staff, 1996)
- Kleiven, Ivar: Lesja og Dovre: gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1923. Les boka på nb.no
- Lia, Olav, red.: Lesja kyrkje 1750-2000, 1999. Les boka