Faktaboks

Anne Beathe Kristiansen

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (2005–2025)

Fødd
22. mai 1974, Halden, Østfold
Av /NTB.

Anne Beathe Kristiansen er ein norsk diplomat og politikar for Senterpartiet. Ho var nestleiar i Senterpartiet frå 2014 til 2025. Ho var utviklingsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2025. Som statsråd hadde Kristiansen også ansvar for nordisk samarbeid.

Frå 2026 er ho ambassadør i Sør-Afrika.

Bakgrunn

Kristiansen er fødd i Halden. Ho var utviklingsstudent på New Zealand i 1992–1993, studerte språk og statsvitskap i Ecuador, Portugal og Costa Rica i 1996–1998 og blei cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 2003, med faga statsvitskap, spansk og portugisisk. I 2005–2007 tok ho Utanriksdepartementets aspirantkurs, og ho tok mastergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2008.

Politisk karriere

Kristiansen var medlem av politisk utval i Senterungdommen i 1996–1998, internasjonal leiar i 1998–2000 og leiar av Senterungdommen i 2000–2002. Ho var politisk sekretær i Senterpartiets hovudorganisasjon i 1998–2000. Kristiansen var stortingskandidat for Senterpartiet i Østfold ved stortingsvalet i 2001, men vart ikkje vald inn. Ho var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Senterpartiet i 2002–2005 og statssekretær for Senterpartiet i Kommunal- og regionaldepartementet 2011–2013.

Kristiansen blei vald inn i sentralstyret i Senterpartiet i 2013. På det ekstraordinære landsmøtet til Senterpartiet i april 2014 tapte Kristiansen kampvoteringa om vervet som 1. nestleiar mot Ola Borten Moe, og ho blei vald til 2. nestleiar. Frå 2020 til 2021 var hun fylkesråd for klima og miljø i Viken før ho vart utviklingsminister i Utanriksdepartementet i Regjeringa Støre.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg