Halldor Hjerleid var ein norsk målarmeister og grunnleggjar av Hjerleids Husflidsskole på Dovre, ein skule som har hatt mykje å seie for treskjeringskunsten i Gudbrandsdalen.
Halldor Hjerleid
Faktaboks
- Fødd
- 13. april 1821, Dovre, Oppland
- Død
- 2. mars 1888, Horten (no Borre), Vestfold
- Virke
- Målar
- Familie
-
Foreldre: Husmann Iver Olsen Hjelleidet (1792–1860) og Anne Jakobsdotter Joramo (f. 1790).
Gift 3.8.1847 med Randine Marie Hansen (1829–1917), dotter til skomakarmeister Johan Fredrik Hansen (ca. 1780–1831) og Karen Poulsdotter.
Svoger til Ole Petter Hansen Balling (1823–1906).
Bakgrunn
Halldor var født på husmannsbruket Hjelleidet under garden Hjelle like sør for Dombås. Plassen Hjelleidet vart brukt som ferdmannskvile for trafikken etter elveisen om vinteren, og det er rimeleg at han fekk dei første impulsane frå den store verda frå handelsmennene som var innom og kvilte.
Målarmeister
15 år gammal byrja han i lære hos målarmeisteren, biletkunstnaren og teatermålaren Ferdinand Gjøs i Christiania. Etter læretida var han målarsvein fram til 1847, då han vart målarmeister og starta eige firma.
I Kristiania kom han også i nær kontakt med eit kunstnarmiljø, da Gjøs var ein etablert biletkunstnar og teatermålar. Hjerleid gifta seg i 1847 med Kristiania-jenta Randine Marie Hansen, som var dotter til ein handverkar og syster til kunstnaren Ole Peter Hansen Balling. Hjerleid tok sjølv denne tida til å dyrke målarkunsten og måla fleire motiv frå heimbygda.
I 1850 vart han engasjert som målarmeister ved hovudverftet til marinen i Horten. I Horten bygde han seg òg eit stort hus, «Halldors Hygge». Hjerleid fekk ideen til eit portrettgalleri over admiralar og kommandørar i den norske marinen, og svogeren fekk oppdraget med å utføre portretta.
Det einaste kjente dekorasjonsarbeidet etter Hjerleid finst på Frydenhaug gard i Drammen. Desse dekorasjonane har stor likskap med Fugleværelset på Slottet i Oslo, som Johannes Flintoe måla. Læraren til Hjerleid, Ferdinand Gjøs, var elev av Flintoe, og det er nærliggjande å tru at Hjerleid assisterte som målarsvein under arbeidet på Slottet.
Husflidsskule
Hjerleid og kona Randine reiste mykje. Dei var ofte på Dovre, der dei bygde seg hytte. Dei var også fleire gonger i Amerika. På sine reiser rundt i Noreg registrerte han at det gamle handverket var i tilbakegang. Dei hadde blitt kjent med dei svenske heimsløydskulane, og meinte at ein liknande skole burde opprettast i heimbygda.
Hjerleid og kona Randine stifta difor eit legat på 40 000 kroner, og av rentene av dette skulle det opprettast og drivast ein «handgjerningsskule», Hjerleids Husflidsskole, i heimbygda. Skulen kom i gang 1886, og det vart frå starten av halde kurs for snikkarar og skomakarar. Same året som denne skolen kom i gang, hadde Kunstindustrimuseet i Kristiania oppretta ein treskjerarskule på Lesja med Hans Lindsø som lærer. Denne flytta året etter til Dovre, og dei to skulane vart formelt slått saman i 1903 med Lindsø som lærer i treskjering. Seinare var fleire av dei leiande treskjerarane i landet lærarar ved skulen, og han fekk etter kvart mykje å seie for vidareføringa av den tradisjonelle treskjerarkunsten både i Gudbrandsdalen og elles i landet.
Verk
- Dovrebygda, måleri i kommunestyresalen i Dovre
- romdekorasjonar i hagestua på Frydenhaug gard, Drammen, 1848
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- O. Lillevik: Hjerleidske Husflidsskule, Dovre. 1886–1936,Lillehammer 1936
- M. Høgåsen: «Oskeladden som la ut frå Dovre i 1836», i Årbok for Gudbrandsdalen1959, s. 115–124
- G. Alfsen: biografi i NKL,bd. 2, 1983
- M. Flatum: Hjerleids Husflidsskule 1886–1986,Dovre 1986
- A. Engen: Treskurd og treskjerarar i Gudbrandsdalen,Lillehammer 1998
- A. Engen: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve
Faktaboks
- KulturNav-ID
- a8b220c9-35d2-4c1e-ab2d-9a9da7077df7
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01052135000491
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.