Tidemand har framstilt ein stille augeblink i andakta, der predikanten har teke ein pause, og tilhøyrarane tenkjer over betydninga av dei orda dei nettopp har høyrt. Tidemand legg vekt på dei ulike reaksjonane som talarens ord har vekt hos dei forskjellige personane. Nokre av mennene til venstre for predikanten stirer alvorleg ut i lufta framfor seg, som om dei reflekterer over det som har blitt sagt.
Ei ung jente til høgre for talaren gøymer hovudet sitt i dei falda hendene, medan den gamle mannen bak henne sit og blar i ei bok. Alle tek imot orda frå talaren med eit stort alvor, bortsett frå dei yngste. Guten til høgre ser ut som han sit og søv, eit bilete på den barnlege uskulda.
Linjene og lyset framhevar ikkje berre talaren, men også mannen som sit i raud vest like til venstre for han. Han sit på ein kubbestol i midten av biletet, og linjene i golvet peiker mot han og rammer han inn. Dette er husbonden, som har opna huset sitt for husandakta.
Ytst til venstre sit dei to gamle, ein mann og ei kvinne som sit med ei bok framfor seg. Dei følgjer andakta ved å lese dei same orda i boka. Kvinna ser ut av biletet, mot oss som åskodarar. Desse to gamle gjorde Tidemand året etter til eit motiv i seg sjølv, i måleriet Dei to gamle (1849), også kalla Husandakt. I Haugianarane viser dei kor viktig lesing er for utviklinga av den personlege gudstrua.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.