Hægebostad er ein kommune i Agder fylke som omfattar øvre del av Lyngdalen og heiene omkring, frå Gysland sør for Snartemo i sør til Oddevassheia med vasskilet mot Kvina og Mandalselva i nord. Hægebostad grensar i nordaust til Åseral, i aust, søraust og sør til Lyngdal og i vest og nord til Kvinesdal.
Hægebostad vart oppretta i 1838 då det lokale sjølvstyret ble vedtatt gjennom formannskapslovane året før. Kommunen vart i 1916 delt i to nye kommunar ved utskiljing av den nordre delen Eiken. Dei to kommunane vart i 1963 slått saman igjen. Sidan har grensene til Hægebostad lege fast.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.