Faktaboks

Ingeborg Refling Hagen
Ingeborg Nancy Refling Hagen
Fødd
19. desember 1895, Stange, Hedmark
Død
30. oktober 1989, Stange
Virke
Forfatter
Familie

Foreldre: Møller Hans Hagen (1862–1908) og Johanne Bakken (1861–1942).

Ugift.

Svigerinne til Eivind Groven (1901–77); tante (mors søster) til Aslaug Groven Michaelsen (1926–2017).

Ingeborg Refling Hagen
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ingeborg Refling Hagen var forfattar og kulturarbeidar. Ho var ein folkekjær diktar som nådde vidt ut gjennom eit brennande engasjement for fridom, kultur og opplysing.

Ingeborg Refling Hagen var fødd på Tangen i Hedmark. Ho vaks opp i tronge kår i eit samfunn prega av skarpe klasseskilje, og ho laut sjølv tidleg ut i arbeid. Som trettenåring drog ho til England og arbeidde som guvernante. Tilbake i Noreg i 1920 debuterte ho som forfattar, og ho blei raskt ein sentral person i kunstnarmiljøet Ekebergkolonien i hovudstaden. Hagen skreiv både romanar, lyrikk og noveller, og ho blei svært populær. Ho brukte ofte hedmarksdialekten når ho skreiv og viste såleis veg for diktarar som Hans Børli og Alf Prøysen.

Forfattarskapen

Ingeborg Refling Hagen. Foto 1950.
Av /Anno Domkirkeodden.

Romanar

Maleri. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Ingeborg Refling Hagen
© /BONO/NTB ※.
Lisens: Vernet verk
Hagen debuterte i 1920 med novellesamlinga Naar elv skifter leie.
Av .

Ingeborg Hagen debuterte i 1920 med ei samling forteljingar, Naar elv skifter leie, med motiv frå det gamle Hedmarken. Naturskildringar, motiv og språk viser Hagen si tilknyting til Hedmarken. Forfattarskapen hennar skiftar mellom realisme og ein lyrisk, religiøst prega romantikk, med sterke innslag av mytar, segner og eventyr.

Lyrikk

Gjennombrotet som lyrikar kom med Jeg vil hem att (1932), følgt av ei rekkje diktsamlingar. Serien Livsfrisen (Vi må greie oss selv (1948), Jeg vil lete og banke (1949), Den første morgentimen (1950), Jeg så det (1953), Spekulanter (1975) og Min venn, jeg drømte det jo bare (1977)) er sjølvbiografiske. Det same er samlinga Eventyr og historier I–IV (1967–1970).

Utenfor balkongen (1936) er ei reiseskildring frå Italia. I 1958 kom den Wergeland-inspirerte boka Inatt red'n Henrik forbi. Eit utval frå dei mange diktsamlingane hennar kom ut i 1985 under tittelen Livet svikter ikke livet.

Barnebøker

Hagen skreiv også barnebøker. I fleire av dei har ho brukt sjølvbiografisk stoff, mellom anna i Vi må greie oss selv (1934), Himmeriks hellesten (1935)og Verden er så stor så stor (1935).

Fridomskamp

Ingeborg Hagen åtvara tidleg mot fascismen, og under den spanske borgarkrigen engasjerte ho seg for å støtte den spanske regjeringa mot general Franco og den fascistiske Falangen. I mellomkrigstida arbeidde ho med å skape interesse for Henrik Wergeland si dikting, som ho oppfatta som vaksine mot nazismen. Under andre verdskrigen var ho med i illegalt motstandsarbeid. Ho blei arrestert og torturert av Gestapo, og overlevde så vidt krigen.

Suttungrørsla

Frå heimen sin Fredheim på Tangen dreiv Ingeborg Refling Hagen fram eit omfattande kulturarbeid i Suttungrørsla. Frå Wergelanddagen på Tangen 17. juni 1982.
Av /Anno Domkirkeodden.
Lisens: CCO 1.0

Etter krigen vidareførte Ingeborg Hagen engasjementet sitt i den såkalla Suttungrørsla, med litteraturformidling særleg retta mot barn og unge. Barndomsheimen Fredheim på Tangen blei etter kvart eit senter for dette arbeidet, som resulterte i omfattande kulturell knoppskyting, mellom anna med Suttungteatret, Suttung forlag og Suttungkoret.

Spesielt Henrik Wergeland og Hans Kinck blei sentrale i formidlinga gjennom Suttungrørsla, blant anna med framføring av Wergelands og Kincks dramatikk på Suttungteatret. Hagen publiserte også ei rekkje bøker og skrifter knytt til arbeidet i Suttungrørsla.

Karin Sveen, som sjølv brukte ein del av ungdomstida si på Tangen, gav i 1991 ut romanen Hannas hus (1991), der Suttungrørsla blir stilt i eit kritisk lys. Skildringane hennar av strenge rammer og autoritetsdyrking i eit sekterisk miljø vekte oppsikt og debatt.

Prisar

Ingeborg Hagen har fått ei rekkje prisar, og i 1967 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si. I 1975 blei ho tildelt Norsk kulturråds ærespris. Hagen fekk Statens kunstnarløn frå 1936.

Utgivingar (utval)

Romanar

  • Loke saar havre (1922)
  • Ugild (1923)
  • Valvarsel (1924)
  • Glaam (1925)
  • Marihand (1926)
  • Brudgommen (1927)
  • Fostersverdet (1928)
  • Tidehvervsklokken (1929)
  • Livets dans (1936)
  • Trilogien Tre døgn på storskogen, med bøkene Kjørekaren (1937), Sognebudet (1938) og Den nye læreren (1939)

Noveller

  • Naar elv skifter leie (1920)
  • Svartsnær (1921)
  • I skreddertimen (1930)
  • Har du hørt det? (1931)

Lyrikk

  • Jeg vil hem att (1932)
  • Lørdagskveld (1933)
  • Jeg har møtt en engel (1934)
  • Hvor kom vi fra? (1935)
  • Utenfor balkongen (1936)
  • Annendagsfesten (1938)
  • Elva flyt så stille under Bakkelandet (1954)
  • Kongen farer forbi Tangen (1956)
  • Inatt red'n Henrik forbi (1958)
  • Livet svikter ikke livet (1960)
  • Jeg foretrekker lyset (1962)
  • Jesabels latter (1973)

Barne- og ungdomsbøker

  • Himmerikes hellesten (1935)
  • Også vi når det blir krevet (1967)
  • Ga du alt (1969)

Erindringar

  • De unge (1979)
  • Gnister i mørket (1980)
  • Løftet må holdes (1981)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997, isbn 82-521-4381-4
  • Gundersen, Svein, red.: «Av skalden fikk vi landet»: festskrift til Ingeborg Refling Hagen [...], 1980, isbn 82-7066-212-7
  • Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974, isbn 82-03-06186-9
  • «Ingeborg Refling Hagen og Suttungrørsla – portrett av eit miljø» i Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur, 1980, 104-54 (fem artiklar av Dagne Groven Myhren m.fl.)
  • Kraugerud, Alfhild: Dikteriske virkemidler hos Ingeborg Refling Hagen, 1951
  • Lappegård, Siri, red.: Ingeborg Refling Hagen – uklar myte eller bevisst pedagog?, 1995, isbn 82-7518-051-1
  • Steen, Gunnar A., red.: «Eventyrets landeveier»: foredrag fra Ingeborg-dagene 1995, 2000, isbn 82-7066-334-4
  • Wergeland, Ingrid Elise: Slik som kjærlighet vekker deg: en bok om Ingeborg Refling Hagen, 1995, isbn 82-03-26114-0
  • Ystad, Vigdis: «En kvinnelig Promethevs» i Engelstad, Irene m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 3, 1990, 78-84, isbn 82-7350-389-5
  • Ystad, Vigdis: «Ingeborg Refling Hagen som modernist og ekspresjonist» i NLÅ 1995, 134-50

Faktaboks

Ingeborg Refling Hagen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037054005721

Kommentarar (1)

skreiv Karen Høie

Bare en tilleggsopplysning til anbefalt litteratur: en artikkel av Svein Gundersen, eget opptrykk utgitt i forbindelsen med sommerutsutillingen på Aulestad i 2001:Ingeborg Refling Hagen en dikter - et århundreen biografisk skisse av Svein Gundersen eget opptrykkAulestad 2001

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg