Lindås er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1448 innbyggjarar (2025).
Tettstaden ligg ved fylkesveg 57 over Lindåshalvøya og har ein del nyare busetnad, mellom anna for tilsette ved raffineriet på Mongstad.
Lindås ligg ved Spjeldnesosen og vatnet inn dit må gjennom Lindåsstraumen der det ligg sjøsluser for å regulere straumen av tidevatn ut og inn i fjorden.
I tettstaden ligg Lindås kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1865 med døpefont i kleberstein frå rundt 1200.
Namnet er opprinneleg namn på prestegarden, av lind og ås.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.