Faktaboks

Magnhild Hagelia
Fødd
6. mai 1904, Gjerstad, Agder
Død
4. juli 1996, Grimstad, Agder.
Virke
Politikar
Familie

Foreldre: Småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine («Mina») Pedersdatter Gryting (1881–1956).

Ugift.

Magnhild Hagelia på Stortinget i 1962.

Magnhild Hagelia
Av /NTB ※.

Magnhild Hagelia var ein norsk politikar. Ho representerte ArbeidarpartietStortinget i 16 år og var i perioden 1961–1965 varapresident i Lagtinget.

Bakgrunn

Magnhild Hagelia var fødd i Gjerstad i Agder. Ho var berre åtte år gamal då diskusjonen om kvinneleg røysterett gjekk føre seg, men Magnhild var allereie ein aktiv lesar, og ho las alt ho kom over om dette emnet. Saka kom til å prege henne for resten av livet.

Vinteren 1924–1925 gjekk ho på Jæren folkehøgskole. Ho var elev ved Otto Treiders handelsskule i Oslo i 1933–1934 og tok òg revisorkurs i 1934. Ho var forretningsførar i Gjerstad forsyningsnemnd i 1939–1945, kommunerevisor i Gjerstad i 1945–1947 og tilsett i fylkesrevisjonen i Aust-Agder frå 1948 til ho gjekk av med pensjon i 1969.

I perioden 1962–1965 var Hagelia formann i Kvinners frivillige beredskap.

Politikar

I 1945 blei Magnhild Hagelia vald inn som kommunestyrerepresentant i Gjerstad, men flytta frå kommunen rett etter valet. Ho var seinare kommunestyrerepresentant i Fjære i 1947–1951 og 1968–1970, i Øyestad i 1956–1959 og i Grimstad i 1971–1972.

Hagelia blei vald som vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder i 1945 og var fast representant frå 1949 i fire periodar fram til 1965. Ho blei vald til varapresident i Lagtinget i oktober 1961, og var den første kvinna som leia eit stortingsmøte frå presidentstolen, 9. februar 1962. Ho opna møtet 9. februar med å kunngjere at presidentskapet hadde bestemt at tiltaleforma i Stortinget frå no av var «Herr president» eller «Æra president/Vyrde president». Det vart altså ikkje «Fru» eller «Frøken president», slik det hadde vore snakk om å tiltale ein kvinneleg president i Stortinget. Etter dette fekk Magnhild Hagelia tilnamnet «Magnhild med klubba».

Påverknad

Magnhild Hagelia
Av /Stortingsarkivet/Scanpix.

Magnhild Hagelia var ein pioner i spørsmål som galdt kvinnene si stilling i samfunnet. Ho var overtydd om at kvinner måtte ta aktivt del der dei politiske diskusjonane gjekk føre seg. Det galdt alle politiske saker, ikkje berre dei typiske kvinnepolitiske sakene den gongen, som var skule- og sosialsaker. Ho minte fleire gonger om at kvinner ikkje berre hadde røysterett til å velje menn, men kvinner var òg valbare. Ho engasjerte seg i fagforeiningsarbeid og i partipolitisk arbeid.

Hagelia var ein heller stillfarande stortingsrepresentant. Hovudinteressa hennar var kommunalpolitikk, og ho kom mellom anna til å øve atskilleg innverknad på utviklinga av fylkeskommunane. I tillegg var ho svært oppteken av enkeltsaker der ho opplevde at kvinner og andre svake grupper vart utsette for diskriminering. Døme på dette var spørsmålet om Husbankens reglar for einslege og bustadbehova deira, situasjonen for kvinnelege prestar og så vidare. Hennar viktigaste arena var arbeidet i komiteane og dei meir kvardagslege gjeremåla i Stortinget.

Som pensjonist heldt Magnhild Hagelia fram med det store engasjementet sitt. Ho var ein ettertrakta føredragshaldar, og ho heldt fram i ei lang rekkje offentlege verv både lokalt og sentralt. Ho gav òg eit stort bidrag til notatet av lokalhistoria i barndomsbygda Gjerstad.

Utmerkingar

Magnhild Hagelia blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1976 og blei heidra med ein byste ved Grimstad rådhus på 90-årsdagen i 1994. Bysta vart laga av Arne Vinje Gunnerud.

Utgjevingar

  • Gjerstad bygdesoge, hefte 7, Gjerstad (1981)
  • Arbeidar-rørsla i Gjerstad. Gjerstad Arbeiderparti 1921–1986, Gjerstad (1986)
  • Stammer ætta på Ytre Haugen i Gjerstad frå Harald Hårfagre? i Aust-Agder-arv 1987–1988, Arendal (1988)
  • Gjerstad Historielags årsskrift 1990, Gjerstad (1990)
  • Gjerstad Branntrygdelag i 100 år, (utan årstal)
  • Dyrking og tilvirking av lin i gamle dager, (utan årstal)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Smeland, Odd Ingar: Magnhild Hagelia i Norsk biografisk leksikon.
  • Sættem, Odd (red.) (1984): Hvem er Hvem? Oslo: Kunnskapsforlaget.
  • Nordby, Trond (red.) (1985): Storting og regjering 1945–1985: Institusjoner – rekruttering. Oslo: Kunnskapsforlaget.
  • Igland, Alf Kjetil (2025): Truskap – Rettferd: Ei bok om Magnhild Hagelia. Oslo: Novus forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg