Tinnsjå har alltid vore ein viktig ferdaveg for folket i dei nørdste bygdene i Telemark. Å ro fjorden var støtt lettare enn å ri over fjell og dalar. Da den første dampbåten kom i 1864, var det eit stort framsteg i samferdsla. Framveksten av den nye industristaden Rjukan i Vestfjorddalen omkring førre hundreårsskiftet gjorde at behovet for transport av folk og gods mangedobla seg.
Med opninga av Rjukanbanen og Tinnosbanen i 1909 var det klart for ferjedrift i stor skala mellom Mæl og Tinnoset. Den første jernbaneferja, D/F Rjukanfos, kom i drift same året. Ho romma ni jernbanevogner og tok 120 passasjerar. Dei større D/F Hydro og D/F Ammonia vart sjøsett i 1914 og 1929. Ammonia er det største dampskipet som har seilt på ein norsk innsjø. D/F Hydro vart senka på Tinnsjå under ei sabotasjehandling i samband med tungtvassaksjonen 20. februar 1944. 14 nordmenn og fire tyskarar miste livet.
I 1956 kom så den første dieseldrivne ferja, M/F Storegut. Mot slutten av 1900-talet avvikla Norsk Hydro verksemda på Rjukan, og i 1991 gjekk Ammonia og Storegut i opplag på Mæl. I mellomtida var det bygd gode vegar frå Austbygde over Hovinheia og frå Rjukan over Tuddal som gjorde Tinnsjå overflødig som ferdsleveg.
D/F Ammonia er den eldste attverande jernbanedampferja i verda, og både den og M/F Storegut er freda. Ferjene er i dag eigd av Norsk Industriarbeidermuseum, og er ein del av Rjukan-Notodden industriarv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.