Vinje er ein kommune i Telemark fylke, lengst nordvest i fylket. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Vinje og Rauland. Vinje er den største kommunen i fylket i utstrekking, og grensar i vest til Agder, Rogaland og Vestland fylke.
Kommunen omfattar Kvennas, Songa/Tokkes og Vinjevassdragets dalføre med sidedalar og omliggande fjellområde. Vinje kommune når inn i søre delen av Hardangervidda, som i alt utgjer to tredelar av kommunearealet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.