Alveolar er ein språklyd som blir danna med fremre del av tunga mot gommen (alveolane), det vil seie den harde kanten rett bak tennene i overkjeven. Nokre døme på alveolare språklydar er den uttalen engelsk og ein del norske dialektar har av t, d, l, n, s.

Faktaboks

Uttale

alveolar.

Viss tunga blir sett mot eller svært nær tennene i overkjeven, blir språklyden sagd å vere dental.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg