Apeskrekktre er eit tre i kranstrefamilien. Det er eit 50–60 meter høgt bartre med tettstilte, skjelforma, stikkande blad på greinene. Arten er særbu, altså med eigne hann- og hotre.
Faktaboks
- Etymologi
-
Både slektsnamnet Araucaria og artsepitetet araucana viser til at arten veks i landet til folkegruppene som har vore kalla araukanarar
- Også kjend som
- skjelkranstre, kransgran, skjelgran, Monkey Puzzle (engelsk)
- Vitskapeleg namn
- Araucaria araucana
- Beskriven av
- (Molina) K. Koch 1873
- Framandartstatus i Noreg
- LO – Låg risiko
- Global rødlistestatus
- EN – Sterkt truga
Treet høyrer heime i Sør-Amerika (Argentina og Chile), medan det både i Noreg og andre europeiske land har blitt planta som prydtre i vintermilde strøk.
Apeskrekktreet var tidlegare eit verdifullt tømmertre, men er no freda og ført opp på IUCNs raudliste som sterkt truga (EN). Dei naturlege bestandane er sterkt reduserte på grunn av hogst, skogbrannar og vulkanutbrot.
Frøa er opptil 5 cm lange og 1,5 cm breie. Dei er etande og har vore hausta og brukt rå, kokt eller rista av mapuche-folket.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.