I Europa og middelhavsområdet veks tolv artar i slekta. Hit høyrer strandbete, med det latinske namnet Beta vulgaris maritima, som er stamforma for dyrka bete (sjå sukkerbete, fôrbete, raudbete og mangold). Den er ein meterhøg én- eller toårig urt med tynn pelerot og store, hjarteforma blad med små, usjålege blomar i store blomestandar.
Strandbete veks vill i middelhavsområdet og på den europeiske vestkysten mot nord til Bohuslän. Arten har tidlegare berre blitt funnen forvilla langs sørlandskysten og i nærleiken av møllar. Frå 1991 har arten blitt funne i Noreg etter naturleg spreiing med havstraumar sørfrå. Den kan etter alt å døme danne stabile populasjonar over tid med endra klima, men reknast framleis som ustabil i harde vintrar og fekk status sårbar (VU) i Norsk raudliste for artar 2021.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.