Prydrabarbra, Rheum palmatum var. palmatum (blomar i forgrunnen og mørke blad) blir dyrka som ein dekorativ plante. I bakgrunnen ser ein blad av ein annan art av rabarbra.

Rabarbra er ei planteslekt i slireknefamilien som består av omtrent 60 artar. Rabarbra har vore dyrka i over 5000 år i Kina, der han har blitt brukt i tradisjonell kinesisk medisin. Fleire av artane i slekta blir dyrka for dei store og saftige bladstilkane, som blir brukte til mat. Bladstilkane blir mellom anna brukte til syltetøy, saft og i bakverk.

Faktaboks

Uttale

rabarbra

Beskriven av
Carl von Linné

Rabarbra blir dyrka over store delar av Noreg, og det er hovudsakleg ulike sortar av artane prydrabarbra og hagerabarbra som blir dyrka. Munkerabarbra, Rheum rhaponticum, veks vilt eit par stader, og er oppførte på Artsdatabanken si raudliste som kritisk truga.

Skildring

Rabarbra er fleirårige urter med store og grove jordstenglar. Blada er store og hjarteforma. Bladstilkene er lange, tjukke og saftige og kan variere i farge frå djupt raude til rosa og grøne. Blomane er små, vindpollinerte og sit saman i ein høg, greina topp som kan bli to meter høg. Fruktene som blir danna er venga smånøtter.

Bruk

Bladstilkane blir mellom anna brukte til suppe, graut, kompottar, syltetøy og til fruktvin. Den sure smaken kjem av oksalsyre og eplesyre.

Unge bladstilkar inneheld minst oksalsyre og trevlar, og blir rekna for å vere dei beste å bruke. Men innhaldet av oksalsyre kjem også an på svart, alderen på planten, der han veks og kva mengd gjødsel ho har fått.

Blada inneheld omtrent doble så mykje oksalsyre som bladstilken. Nokre tilfelle av forgifting med skade på nyrer og lever har blitt rapporterte etter inntak av rabarbrablad.

Næringsinnhald

Matrabarbra inneheld cirka 13 milligram vitamin C, 280 milligram kalium, 94 prosent vatn og 70 kJ tilført energi per 100 gram etande vare.

Utbreiing

Det finst omtrent 60 artar i slekta. Slekta har truleg oppstått og diversifisert seg i høgareliggjande strøk i Sentral- og aust-Asia, der det i dag finst eit stort morfologisk mangfald og ei høg grad av endemisme. Artane i slekta har truleg spreidd seg vestover langs handelsruter til Russland, Tyrkia og seinare til England og Amerika.

I Noreg finst det éin art som er rekna som viltveksande, munkerabarbra. Denne er oppført på Artsdatabanken si raudliste for 2021 som kritisk truga.

Dyrking

Rabarbra er ein av dei fyrste kulturplantane som kan haustast om våren, og han har ei innhaustingstid som, avhengig av sort, kan strekkje seg til tidleg haust. Han blir for det meste dyrka på friland, men kan også dyrkast i veksthus. Rabarbra kan gje avlingar på 4000–7000 kilo per dekar.

Det blir dyrka mange ulike sortar rabarbra. Sortane varierer mellom anna i farge og i oksalsyreinnhald i planten. Rabarbra blir dyrka i klima med kjølige og fuktige sumrar, og der det blir nokre centimeter med tele i jorda om vinteren. Rabarbra er næringskrevjande, og treng tilførsel av nitrogen og kalium i vekstperioden. For å få størst mogleg avling, bør blomestenglane skjerast ned før dei blir store.

Formeiring

Rabarbra kan formerast ved å dele opp planten tidleg om våren. Dei nye plantane vil då vere genetisk like morsplanten. Ein kan også frøformare rabarbra. Fordi desse ikkje vil vere genetisk like morsplanten, vil dei nye frøformerte plantane ha andre eigenskapar enn morsplanten.

Historie

Rabarbra er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Kina i 5000 år. I Europa har han vore dyrka i litt over 200 år. I Noreg har dyrking av hagerabarbra funne stad sidan 1800-talet.

Legerabarbra, Rheum officinale, var tidlegare viktig som medisinplante.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Caryophyllales nellikordenen
Familie Polygonaceae slireknefamilien, syrefamilien
Slekt Rheum rabarbraslekta

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
102949
GBIF-ID
2888863

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg