Oslo. Byen min.
Det er august. Eg har raud, firkanta ryggsekk og eit fint pennal, skulen vĂ„r er liten og gul med tre smĂ„ klasserom. Til og med FrĂžken er ganske lita. Vi er femten smĂ„, nysgjerrige sjeler pĂ„ ein kva skule som helst, ein stad i dette landet, i ei bygd nĂŠr ein by. Femten smĂ„, som stavar "Ola sa sol", som sparkar fotball og sender kjĂŠrleiksbrev i friminutta. Som teiknar skakke teikningar av ting med bokstaven Ă, som legg saman tre appelsiner og fire eple, og kanskje blir resultatet sju og kanskje ikkje.
FÞrre fredag, dÄ det small i Grubbegata, dÄ rÞyken lÄg over Oslo og ingen visste kva som kom etterpÄ, og eg heldt hardt om mine tre, to smÄ og ein stor, dÄ vart femten smÄ klassekameratar til fjorten.
Det kunne ha vore deg. Det kunne ha vore meg. Og kanskje var det ein eller fleire som du og kjente, kanskje ein du var glad i og som det ikkje gjekk an Ä miste. For det gÄr ikkje an Ä miste slik. Men no har vi mista syttisju, og det gÄr ikkje an Ä ta det inn. Det er sÄ ufatteleg, det er sÄ grusomt, sÄ fullt av ondskap at det ikkje er mogleg. Og eg tenkjer pÄ alle dei eg har kjent, og alle dei eg ikkje kjenner, som no er i sÄ stor ei sorg at det ikkje er til Ä fatte. Som mÄ ta til pÄ den tunge vegen vidare. Utan.
Takk for for alle spora du har satt. Dei blir.
Oslo: Krysset Sofienberggata/KirkegÄrdsgata, 29.07.2011





















