mandag 1. august 2016

Omsorg



FÞrst takk for alle oppmuntrende og gode kommentarer pÄ dei siste innlegga mine!
Det er godt og kunne dele om dei tankene eg har rundt kvardagen min, og fÄ sÄ mykje omsorg tilbake.
Og som mange veit gjennom instagram, facebook og samtaler at den er ganske sÄ heftig for tida.

Og det er vel nÄ i denne tida at eg har oppdaga pÄ alvor kor mange som er rundt oss der ute. BÄde dei vi visste var der, og fra hold som eg ikkje hadde tenkt pÄ ei gong!

NĂ„r eg, etter det som kunne vĂŠrt ein vanskelig telefon, sit igjen med ein varme og umĂ„telig takknemlighet over denne personen eg snakka med, seier mykje om omsorga rundt oss! 

Eg fÄr og stadig beskjed om at vi mÄ sei ifra om det er noe dei kan gjer.
Dette er faktisk litt vanskelig Ă„ svare ja pĂ„. 
For eg fĂžler ikkje heilt for Ă„ spĂžr om/sei at: 
Jo takk, det hadde vÊrt sÄ godt om du kunne tenkt deg Ä hjelpt meg med Ä vaske rundt fÞr helga..
Kan du tenke deg Ä hjelpe oss med Ä bli ferdig terassen vÄr? Det har stoppa litt opp..
Vi har ett vindfang som skulle vĂŠrt gjort ferdig, kan du hjelpe oss med glassveggen som skal opp? 

Ja vi lever i et hus vi pusser opp, og av mange ulike grunner har dette stoppa opp for oss.
Men likevel sit det veldig langt inne Ă„ spĂžr.
Kanskje det hadde vÊrt lettere at noen plutselig stod pÄ dÞra med middag, vaskebÞtta, arbeidsklede pÄ, og sa nÄ er eg her, sett meg i gang..
Men, skal nok gi beskjed om eg kjenner eg tĂžr spĂžr.


Blomar fra hagen

Tidligere i sommer blei eg "kommandert" ut pĂ„ jentekveld, 
noe eg ikkje kan huske sist eg var pÄ.
Og det var heilt fantastisk deilig!
Babbel, verdens beste vegetarpizza, snop og bare slappe av!
Sleppe kvardagen ei stund, og bare nyte.
 Eit lite lys i ein ganske mĂžrk grĂ„ kvardag...


Takk!
Ha ei fin veke!





torsdag 23. juni 2016

Alle dei tankene og litt til...

Tankene ja, dei er det jo mange av..
Og eg skal og klare Ă„ sortere dei.
For min del har eg nÄ prÞvd Ä finne ei mellomlÞysing pÄ det.
Eg bĂžr absolutt holde meg i form pga sjukdommen min, 
samtidig som eg fĂ„r tenkt og av og til trent av meg diverse ting.. 

Det finns mange mĂ„ter Ă„ fĂ„ tenkt pĂ„. 
FĂ„ sortert alt som svirrer, finne lĂžsninger pĂ„ ting osv. 
Noen gÄr og steller i hagen, noen setter seg og strikker,
noen setter seg og skriver det ned, noen banker skiten ut av ein boksesekk.
Og noen gjer som meg, bruker nettene pÄ det! Haha...
For det er eg utrulig flink pĂ„! 
Ligger og holder taler for folk, drĂžmmer om Ă„ holde taler for folk, 
drÞmmer om Ä stÄ sammen med noen og holde taler for folk(pÄ den negative mÄten liksom).
Bruker nettene pÄ Ä finne lÞysinger pÄ det eg har svirrende rundt inni det lille hodet mitt.

Men nĂ„ har eg funne ut at eg kan jo slĂ„ det litt sammen! 
SĂ„ eg har begynt Ă„ trene!
Eller - jo det bĂžr vel kalles det.
For det Ä gÄ tur i hÞgt tempo(og evt prÞve og jogge litt), kan vel kanskje kalles trening.
Planen er jo og klare Ă„ jogge langt da.

SĂ„ i helga da eg var heime hos mine foreldre fant eg ut at det var jo topp anledning.
SĂ„ tenkt sĂ„ gjort - rundt lyslĂžypa det bar. 


Og du og du sÄ vanvittig tungt det var!
Pusta og peste og var sĂ„ sjukt glad at eg ikkje traff noen pĂ„ turen! 
17 Är siden sist og de!
(Har trent i mellomtida altsÄ, bare ikkje vÊrt rundt lÞypa pÄ sÄ lenge)
SĂ„ jej til meg! c,")

Men sÄ var det dei tankane da!
Mye av det blir nok "gĂ„tt" ut! 
Sinne blir jogga vekk, og formen min bÄde psykisk og fysisk blir bedre!
SĂ„ kan vel ikkje klage da! 
NÄ mÄ eg bare klare og holde pÄ vanen eg prÞver Ä bygge opp c,")



 Turen i helga(som blei gĂ„tt 3 dager pĂ„ rad), 
fĂžrte og med seg nydelige naturopplevelser!

SĂ„ kan vel ikkje sei noe anna enn at det var vinn - vinn c,")




onsdag 22. juni 2016

Du mÄ vÊre sterk!


"Du mÄ vÊre sterk!"(som klarer dette),
 er noe eg har hĂžrt mye den siste mĂ„neden..
Kva svarer ein pĂ„ det?! 
Eg kjenner meg ikkje sterk, bare at eg mĂ„. 
At eg kobler ut fĂžlelesene, at eg fokuserer bare pĂ„ dattera mi. 
For den siste mÄneden har vÊrt eit mareritt!

For de som ikkje fÞlger meg pÄ instagram eller kjenner meg, sÄ har den siste mnd vÊrt sjukehus, sjukehus, sjukehus..
Dattera blei sjuk helga fĂžr 17.mai. 
Innleggesle, operasjon og prĂžver som ikkje stemmer har vĂŠrt kvardagen. 
Sonde, venefloner, cvk, antibiotika, vĂŠskertilfĂžrsel, 
ultralyder, ja eit uendelig sammensurium av sjukehus...

Men sÄ var det den setininga da..
Du mĂ„ vĂŠre sĂ„ sterk som klarer dette! 
Nei eg er ikkje sterk, eg er mamma, sjukepleier og fortvila.
TĂ„rene har rent mange ganger.. Ikkje sĂ„ synlig vel og merke, men dei har rent. 
Ikkje mange som fĂ„r se dei. 
Kan ikkje grine sĂ„ dattera(eller sĂžnnene mine) ser det. 
Men kvelder, bilturer til og fra sjukehuset, i enkelte telefonsamtaler, dÄ har tÄrene rent.

Og ja eg er sliten, uendelig sliten...
Kan ikkje slappe av, dattera er sjuk - veit enda ikkje kva ho feiler(fÄr kanskje aldri svar).
Venter pÄ prÞvesvar, nye polikliniske timer.
Uendelig spenning kvar gong. 
Men det gÄr jo. MÄ jo det.
Heldigvis har eg ein Ă„ dele det med.
Heldigvis har eg ein ektemann som har holdt trÄdene heime.
Ein som har tatt seg av sÞnnene heime, som har komme pÄ sjukhuset nÄr legevisitten virker skremmende, som holder rundt meg pÄ tÞffe dager.




Men sterk?, veit eg ikkje, er vel kanskje det?!
Kva er sterk?

Eg bare "mÄ".

fredag 18. mars 2016

Verden er jammen (litt?) for liten!

I det siste har verden kanskje kjentes litt for liten..
For du vett jo uttrykket: "Oi, verden er liten!"

Ja det har den kanksje vÊrt litt for meg i det siste, og med dÄrlig undertone..
For ette maaange Är med grov mobbing, med det det innebÊrer, kommer klompen i magen kanskje fortere hos meg enn hos andre.

Og sĂ„nn var det etter jul. Ei veldig koslig jente kommer med at verden er liten, da veldig mye av ting passa sammen da vi blei kjent og vi pluteslig hadde felles kjente. 
Men for meg skapte det ein klomp i magen da den kjente ikkje brakte med seg gode minner..

Noe som igjen drog med seg tanker. Kva har ho sagt om fortida? Kva har ho sagt om meg?
Kva tenker du om meg? Kan du ta meg for den eg er nĂ„? 
Korleis blir eit evt mĂžte nĂ„? 
Etter nesten 15 Är uten kontakt med denne personen som gjer verden (litt for)liten, kjem tankene likevel.. klumpen er der, skuldrene hÞgere.

Og det gjeld og andre mĂžter.. 
Bare det og reise heim til heimplassen min fĂžrer med seg ein del tanker, og fĂžlelser.
For det var der det starta... fortida mi med alt eg har slite med i alle Är. Som eg har fÄtt hjelp til Ä takle. Som har forma kven eg er nÄ. Den som bestemte fÞlelsene mine og handlingene mine i mange Är..

Men eg er meg nĂ„, og vil vĂŠre den eg er. Eg har vel komme til at alle trenger ikkje like meg eller bli mine venner. For eg er verdifull for dei rundt meg slik eg er. 
Men fytti, det er jammen ikkje like lett og holde pÄ det mottoet!

Men mÄtte bare dele litt tanker nÄ fÞr eg gÄr inn i jobbe/fÞdselsdagshelg..
Har du nokon i ditt liv som gjer verden litt for liten?
Gjer du noko med det?!




Ha ein flott fredag!
Og for dykk som skal ha fri: GOD PÅSKE!


  

onsdag 16. mars 2016

Forandring fryder!

Sliter virkelig med Ă„ finne meg i stua vĂ„r.. 
Men tror eg begynner Ă„ finne tilbake. 
Ikkje det at eg har gĂ„tt meg vill her, for stua vĂ„r er ikkje akkurat kjempestor! 
Men har vĂŠrt litt i sĂ„nn: "vi har smĂ„ barn, og ting mĂ„ jo tĂ„les Ă„ brukes!" 
Og jada det er jo litt viktig det da, men eg skal jo trives her og da c,")
SĂ„ nĂ„ har eg invistert i nye puter! 
Ein liten start i alle fall c,") 
OG mannen har godkjent dei c,")

SÄ bÄde har eg fÄtt litt farge inn og alt ser ikkje ut som noen har brukt dei i putekrig!




Her skin sola og fĂžrste klesvasken henger ute pĂ„ snora! 
Neste er snart pÄ veg... Er virkelig fantastisk Ä kunne henge ut klÊr til tÞrk!

PrĂžver Ă„ nyte sola og at det spirer og gror over alt!

Ha ein flott onsdag!


tirsdag 15. mars 2016

Litt vÄr

Dei stÄr her og lyser, desse smÄ.
Minner om lysere tider.
Gir lysglimt til kvardagen, 
og hÄp for dagen.





Det har vÄre ein lang vinter.. pÄ mange mÄter.
Desse smÄ har virkelig gitt lys til kvardagen.
NÄ i vÄrvÊret har det bare vÊrt ein fryd Ä se korleis dei stÄr Ä lyser i hagen.
Vi hÄper at vi nÄ gÄr mot lysere tider pÄ mange plan, og ser positivt pÄ vÄren.

Nyter solstrÄlene sÄ lenge de varer!

Takk for at du leste!

Klem






lĂžrdag 31. oktober 2015

Halloween, Hallovenn eller julbukk?

Ja da var vi her da.. Dagen som eg sÄ absolutt ikkje er begeistra for. Som guttungen pÄ 9 har fÄtt beskjed om at vi ikkje feirer.
Da 9 Äringen kom med lapp fra skolen om Hallovenn og Þnska sterkt Ä gÄ, fekk beskjed om at det er ok.
Men at han og skal vite kva Halloween er for noko, anna enn enda eit veldig kjĂžpepress fra handelsstanden.
For pÄ spÞrsmÄl om han visste kva det egentlig er, hadde han ikkje peiling.. Og da vi leste oss(ja oss, for eg hadde tydeligvis ikkje peiling heller) c",) opp, endte det opp med ein flott samtale om diverse.
Veit du kva Halloween égentlig er??!
Mor og far i huset er mykje meir begeistra for den nordiske tradisjonen med julebukk, og vil heller at ungene skal lĂŠre om og holde denne tradisjonen i hevd.
Men etter Ä ha lest om Halloween pÄ forskning.no, kommer det kanskje eit graskar som lykt her og... kanskje....
Men pÄ sÞndag blir det nok heller Ä markere Allehelgensdag....

Kva tenker du? Halloween? Hallovenn? Julebukk? Kombi? Veit du egentlig kva Halloween er?

Ha ei strÄlende allehelgen-helg! c",)

The weekend is here! It's Halloween! Or in the Nordic tradision All Hallows Day.. The shops are making a HUGE profit on the celebration the biggest prosent of the children don't know what is! We have read a lot about it with my bonusson, since I'm not a fan.. And we learned a lot!
Maybee we have a pumpkin next year...
Our big boy is going to at "Hallovenn" (a carneval/friends-party as an alterativ to Halloween) party in the church, and he looks forward to that!
And at chrismas we are going to learn him about the nordic tradision "julbukk", and let the childs do that!
Have a nice Halloween!