Hopp til innhald

Neon Knights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neon Knights
Singel av Black Sabbath
frå albumet Heaven and Hell
Utgjeve juni 1980[1]
Innspelt januar 1980 i Studio Ferber i Paris i Frankrike
Sjanger heavy metal
Lengd 3:49
Selskap Vertigo Records, Warner Bros. Records
Komponist Geezer Butler, Ronnie James Dio, Tony Iommi og Bill Ward
Låtskrivar(ar) Ronnie James Dio
Produsent Martin Birch
Black Sabbath-kronologi 
«Hard Road» (1978) Neon Knights «Die Young» (1980)


«Neon Knights» er ein song frå 1980 av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath. Han kom på Heaven and Hell, det første albumet deira med den amerikanske vokalisten Ronnie James Dio. Konsertversjonen av «Children of the Sea» var B-side til singelen.

«Neon Knights» var den siste songen bandet skreiv til Heaven and Hell.[2] Han vart raskt skriven og spelt inn i Studio Ferber i Paris i januar 1980, berre for å fylle speletida på første sida av LP-en.[2] Ronnie James Dio skreiv teksten. Dette er den einaste songen på Heaven and Hell der bassisten Geezer Butler med visse medverka som låtskrivar. Butler hadde vore den viktigaste tekstforfattaren i Ozzy Osbourne-perioden, men var borte under mykje av låtskrivinga på grunn av personlege problem og fordi han var usikker på om han ville halde fram i bandet. Dio framførte stundom songen på konsertar i seinare år.

B-sida på singelutgåva frå 1980 inneheld ein konsertversjon av «Children of the Sea» frå ein uspesifisert dato. Songen nådde 22. plass på den britiske singellista, men kom ikkje inn på andre lister.

Dei første 25 000 eksemplara i Storbritannia hadde biletomslag.

7-tommars singel

  1. «Neon Knights» – 3:49
  2. «Children of the Sea» (konsertopptak) – 6:30

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1980) Plassering
Den britiske singellista[3] 22

Versjonar av andre artistar

[endre | endre wikiteksten]
  • Iron Savior spelte inn songen på albumet Unification frå 1999.
  • Steel Prophet spelte han inn på albumet Genesis frå 2000.
  • Turbo spelte han inn på albumet Awatar frå 2001.
  • Westworld spelte han inn på albumet Cyberdreams frå 2002.
  • Queensrÿche spelte han inn på albumet Take Cover frå 2007.
  • Sapattivuosi spelte han inn på albumet Ihmisen merkki frå 2009.
  • Warrior spelte han inn i 2010 til hyllestalbumet Neon Knights – A Tribute to Black Sabbath.[4]
  • Anthrax framførte songen på konsertar som ei hylling til Dio etter at han døydde i 2010. I 2014 spelte bandet inn ein studioversjon til hyllestalbumet Ronnie James Dio – This Is Your Life.
  1. ↑ «Great Rock Discography». s. 68.
  2. 1 2 Iommi, Tony (2011). Iron Man: My Journey Through Heaven and Hell with Black Sabbath. Da Capo Press. ISBN 978-0306819551.
  3. ↑ «UK singles charts».
  4. ↑ «Warrior's Cover Of Black Sabbath Classic Posted Online». Blabbermouth.net. 17 February 2010. Arkivert frå originalen 19 February 2010. Henta 10. september 2026.