Nordkaper
| Nordkaper | |
Nordkaper | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av nordkaper | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Rettkvalfamilien Balaenidae |
| Slekt: | Eubalaena |
| Art: | Nordkaper E. glacialis |
| Vitskapleg namn | |
| Eubalaena glacialis | |
Nordkaper (Eubalaena glacialis) er ein bardekval i rettkvalfamilien. Han levde opphavleg på begge sider av Nordatlanteren. På europeisk side levde han i havområda frå Vest-Sahara i sør til Nordkapp i nord, noko som gav han namnet «nordkaper».[2]
Baskiske kvalfangarar dreiv fangst på arten i Biscayabukta allereie frå 1000-talet, og dreiv fangst så langt nord som Island seinast i 1412. Allereie frå 1600-talet av var bestanden i nedgang. Den siste nordkaperen vart fanga i norske farvatn i 1926,[1][3] og dei siste to nordkaperane på europeisk side vart fanga nær Madeira i 1967. Bestanden på austsida av Atlanteren er no truleg utdøydd, men det vert stundom sett streifdyr, i norske farvatn seinast i 1999. Det vart påvist at dette individet kom frå den nordamerikanske bestanden. På amerikansk side lever nordkaperen frå Florida i sør til Nova Scotia i nord, med streifdyr som når Grønland og Island. Talet på kalvande hoer vart i 1998 fastsett til 70 individ. Den totale bestanden er anslått til 300-350 dyr.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av nordkaper Eubalaena glacialis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022.
- 1 2 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk