Hopp til innhald

Paleó Fáliro

Paleó Fáliro
Lokalt namn Παλαιό Φάληρο

Museumsskipet Jeórjos Avérof i Paleó Fáliro
Geografi
StadAten
Koordinatar37°56′N 23°42′E / 37.933°N 23.700°E / 37.933; 23.700
Areal4,574 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Sør-Aten
HovudsetePaleó Fáliro (64 863 innb.)
Demografi
Folketal64 863 (2021[1])
Folketettleik14 180 /km²

Paleó Fáliro (gresk Παλαιό Φάληρο, tyder Gamle Fáliro) eller Palaio Faliro, eldre former Palaion Faliron eller Paleon Faliron, er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Området ligg søraust for Aten og Pireus og er kjend for å ha dei strendene som ligg nærast Aten.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har nokre åstoppar som går austover til fjellet Ymittós.

Paleó Fáliro har strender langs Saroniabukta. Lystbåthamna (Marína Alímou) ligg i søraust, medan Trokaderóhamna ligg i nordvest.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Folketeljing 2021
  2. ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 2023-07-30, henta 2023-09-07
    {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]