Per Sundnes
Utsjånad
| Per Sundnes | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 16. juni 1966 (60 år) Bodø |
| Yrke | musikkjournalist, programleiar, pedagog, radioprogramleiar |
| Språk | norsk |
| Per Sundnes på Commons | |
Per André Sundnes (fødd 16. juni 1966 i Bodø) er ein norsk journalist og programleiar. Ved Eurovision Song Contest 2007 hadde Sundnes jobben som TV-kommentator etter Jostein Pedersen, og han har sidan den gongen vore tett tilknytt Melodi Grand Prix. Han er difor blitt omtalt som «Grand Prix-general».[1][2][3]
Sundnes har ein bachelor-grad i film og TV frå the London Institute, som no heiter University of the Arts London.
Før tida si som journalist i NRK jobba Sundnes som lærer. Han har vore vore fast musikk- og trendkommentator i NRK-programmet Store studio frå 2002 til 2007.
I 2005 utgav han boka Chic og bruk, som han skreiv saman med journalisten Lillian Vatnøy.[4]
Sundnes er sambuar med Tore Lengren.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Olav Brostrup Müller (2010-05-19). «Når ble Grand Prix skeivt?». Klassekampen. Henta 2012-03-23. «Selv har grand prix-general Per Sundnes problemer med å kalle (...)»
- ↑ Atle Jørstad og Mads A. Andersen (2010-05-22). «Avviser hjelp fra Sundnes». VG Nett. Henta 2012-03-23. «Didrik Solli-Tangen avdramatiserer kontakten med NRK-vennen og Grand Prix-generalen Per Sundnes.»
- ↑ Merete Skogrand (2012-03-20). «Tooji med vinner-utgangspunkt i Baku». Kjendis.no/Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 2012-03-22. Henta 2012-03-23. «Det er Melodi Grand Prix-general Per Sundnes enig i. Han ser bare fordeler med å komme seint i andre semifinale.»
{{cite web}}: Invalid|dødlenke=ja(hjelp) - ↑ Espen A. Eik (2006-07-28). «Det spøker i forlagene». Aftenposten. Henta 2007-01-13.
{{cite web}}: Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp) - ↑ Jonas Skybakmoen (2010-02-18). «- Når du er én meter høy, fet og homo, så blir alt enklere». Dagbladet. Arkivert frå originalen 2012-09-19. Henta 2012-03-24. «Videre sier Sundnes at han og kjæresten Tore Lengren, som jobber som lege, er «superlike».»
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Per Sundnes» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2019.