Hopp til innhald

Šolta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šolta
øy
Landsbyen Stomorska på Šolta
Land  Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Stad Adriahavet
Høgaste punkt Vela Straža
 •  høgd 238 moh.
Areal 58,98 km²
Folketal 1 975
Kart
Šolta
43°23′01″N 16°17′24″E / 43.383611111111°N 16.29°E / 43.383611111111; 16.29
Kart som viser Šolta.
Kart som viser Šolta.
Kart som viser Šolta.
Wikimedia Commons: Šolta

Šolta er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik Veliki og Drvenik Mali.[1] Ho har eit areal på 58,98 km².[2] Administrativt er heile øya ein kommune med same namn i fylket Split-Dalmatia.[3][4]

Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža,[5] som er 238 meter høg.[2] På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.

Satellittbilete av Šolta

Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme.[1][5] Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen,[5] som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.[1]

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[6]Folketal 2011[7]Folketal 2021[8]
Šolta kommune1 4791 7001 975

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Šolta på Kroatien-online.com, arkivert frå originalen 2006-08-20, henta 2007-03-14 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. 1 2 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. {{cite web}}: Den ukjende parameteren |kommentar= vart ignorert (hjelp) Offisiell omsetjing
  4. ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |publikasjon= (hjelp)
  5. 1 2 3 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982)
  6. ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  7. ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
  8. ↑ «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |publikasjon= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Šolta