Faktaboks

Offisielt namn
AKTIESELSKABET TYSSEFALDENE
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Tyssedal
Stifta
20.04.1906
Dagleg leiar
Jan Alne
Styreleiar
Asbjørn Grundt

AS Tyssefaldene er eit norsk kraftproduksjonsselskap i Tyssedal i Ullensvang kommune, Vestland. Verksemda til Tyssefaldane består i dag av omsetning av kraft frå det innleigde vasskraftverket Tysso II (innleigd frå Statkraft). Krafta blir levert til selskapa SEAS og Tizir Titanium & Iron AS basert på langsiktige kontraktar i samsvar med konsesjon.

Selskapet vart grunnlagt i 1906 av industribyggjaren Sam Eyde og eigast i dag av Statkraft (60 prosent) og DNN Industrier (40 prosent).

Det fyrste kraftverket, Tysso I, var i drift til 1989. Stasjonsbygningen til dette kraftverket, som var teikna av arkitektane Thorvald Astrup og Victor Nordan, vart freda som kulturminne i 2000 og er no museum (Norsk vasskraft- og Industristadmuseum).

Historikk

Dei to første fabrikkane i Tyssedal, Legeringsverket og Jern- og stålverket, blei aldri store lokomotiv i industriutviklinga. Dei hadde kort levetid, men erfaringane dei gjorde var viktige, og investeringane i bygg og infrastruktur blei bruka til annan produksjon etterpå.

Fabrikken Tysso Legeringsverk var bygt i 1910-11, men utvida med nye byggetrinn i 1915. Produksjonen ved Legeringsverket starta i 1911. Sigurd Aanonsen var «bestyrer» frå starten til 1919. Då overtok Norsk Elektrothermisk AS i Ålvik, som leigde og dreiv verket fram mot 1925.

To fabrikkar kom i gang med prøvedrift i Tyssedal fordi Tyssedal kraftstasjon hadde overskot på rimeleg elektrisk straum og hadde behov for å auka kundegrunnlaget. Kraftoverskot gav høve til utprøving av produksjonsmetodar som måtte utviklast før dei gav lønsam drift. Og på lang sikt skulle utprøvingane gje nye store kundar for kraftverket.

Bygging og utvikling av omner

Først blei det bygt ein omn for smelting av ferrosilisium og tre omnar for ferrokrom, men berre ferrokrom kom i gang frå starten. Ferrokrom-onmnane hadde ein kapasitet på 500 elektriske hestekrefter kvar, men samla blei det framstilt berre rundt 2000 tonn ferrokrom.

I åra 1911-12 blei verket utvida med ein sinkråmalm-omn på 5000 elektriske hestekrefter. Sinksmeltinga bygde på generaldirektør Ragnvald Blakstad sine erfaringar frå Norsk Elektrisk Metallindustri A/S, Sundløkken ved Sarpsborg, der Blakstad hadde vore leiar frå 1910-12. Sinkomnen var bygt under leiing av ingeniør E. Lustig. Men omnen gav ikkje sinkflyt som forventa, berre «poussiere». Dessutan var det problem med stadige «blåsingar» og sinkdrifta måtte innstillast i denne omgangen.

Det var ikkje noko gale med ferrosilisium-omnen som var bygt i starten, men han kom ikkje i bruk dei første åra fordi det blei oppretta ein kontrakt med ferrosilisium-syndikatet mot ei godtgjering på 100 000 kroner. I 1914 blei ferrosilisium-syndikatet oppheva på grunn av første verdskrig og i åra 1914 – 1915 blei det produsert 2 500 tonn.

Utviding

Våren 1914 blei det vidare vedtatt å utvida Legeringsverket med fem nye ferrosilisiumsomnar à 4000 elektriske hestekrefter, og sju ferrokromomnar à 1000 elektriske hestekrefter. Men på grunn av krigen tok utbygginga lenger tid enn planlagt, og ho var ikkje ferdig før ved utgangen av 1917.

I 1919 overtok Norsk Elektrothermisk AS i Ålvik. Dei leigde og dreiv verket nokre år. Frå 1924-27 dreiv Det Norske Zinkkompani prøvedrift med sinksmelting i Legeringsverket.

Betydning

Fabrikkanlegget låg på nordsida av elva Tysso, i dalen inn mot Sjoarfossen der det òg var bygt brakker for AS Tyssefaldene.

Begge dei to første fabrikkane i Tyssedal hadde ei kort levetid, men erfaringane dei gav var viktige og bygningar og investeringar i kaiar og infrastruktur kunne dels brukast til annan produksjon etterpå. Betongbygget som opprinneleg var instrumenterings- og laboratorium står framleis og er i ny bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gravdal, Jan: Tyssefaldene : krafttak i 100 år : 1906–2006, 2006, isbn 82-7326-072-0
  • Kollenborg, Egil (1956). Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956, Aktietrykkeriet

Faktaboks

Sektorkode
1120 Statlig eide aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
35.121 Produksjon av elektrisitet fra vannkraft

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg