Huset er som de ser frÄ 1889. Det er i alle fall det det stÄr pÄ steintrappa. Det var totalrehabilitert for ca 10 Är sidan. SjÞlv kjÞpte eg det for snart seks Är sidan. Mitt lille paradis pÄ Tysso, OsterÞy.
No har vi nett vore her i snart to veker med to nieser, mor mi og hunden Max. Dei fyrste par dagane var ogsÄ ei veninne med sine tre ungar pÄ besÞk. Niesene frÄ Oslo reknar det som sitt ferieparadis.
Vi er stort sett der nÄr det er Tysse-marknad og hugsar det som om vi har hatt finvÊr heile tida trass i at det regnar nÊrare halvparten av dei.
I fjor laga eg dokkestove av den vesle utedoen. I Är gjekk eg laus pÄ vedlikehald - det var pÄ tide Ä fÄ pÄ eit nytt lag med beis. Veggane var sterkt falma og saug til seg vÊte. Ikkje visste eg at det er sÄ mykje forarbeid som skal gjerast fÞr ein kan beisa. Sist eg beisa/mÄla eit hus mÄ vera nÊrare 30 Är sidan og dÄ klaska vi berre malinga pÄ den gamle veggen. No skulle eg derimot skrubba veggane med kraftvask fyrst og sÄ spraya pÄ noko sopp og muggdrepande greier. Puh, eg er dritlei av Ä setja opp stige i ulendt/skrÄnadne terreng. Til slutt mÄ eg seia at eg er strÄlande nÞgd. SjÞlve beisinga tok berre ein dag med hjelp av mor mi. Ho er ikkje god i hÞgda og heldt seg pÄ dei lÊgste plankane. Ho er av typen som mÄ krabba ut av FlÞybanen av di ho vert svimmel.
Eg hadde vel ikkje vald denne hÞgblÄe fargen sjÞlv, men ser ikkje nokon grunn til Ä endra pÄ han heller av di det i sofall skulle kosta meg eit par mÄlingsstrÞk ekstra.
Fargen heiter Aftenstemning, og det er jo slettes ikkje verst. Elles er ogsÄ huset omtala som blÄnissehuset.