Sider

Viser innlegg med etiketten raudt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten raudt. Vis alle innlegg

sĂžndag 16. desember 2012

Finn pÄ Finn

JÞss, er eg enno her? Lenge sidan sist, men min Iphone3 har nekta Ä snakka med noko anna elektronisk device sidan ein gong i haust. Anna kamera er det dÄrleg med for tida sÄ dÄ sto eg der. MÄ innrÞma at det har vore dÄrleg med strikkinga og, men det har ikkje vore null. No har eg derimot fÄtt meg ny telefon sÄ her er eg.

Dette er meir eit slags prĂžveinnlegg i fĂžrjulstida. 


Leiter for tida etter nye stolar pÄ Finn og dÄ fann eg denne lampa. Mangla ei lampe i stova og denne har eg henta hjÄ ein optiker. Herlege Finn. MÞnsteret i taket ga faktisk ei fin stemning til rommet.

Elles ser de vĂ„r fine, raude, kitchy belysning i bokhylla. 

No er det jul, igjen.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette mĂ„ vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa sĂ„ kan det eigentleg brukast bĂ„de til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var ogsĂ„ pĂ„ ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre sĂ„ er det nokon som eig dei bileta sĂ„ eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De mĂ„ altsĂ„ nĂžya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til Ă„ ta pĂ„ altanen pĂ„ Kvinneklinikken i Bergen dĂ„ sola diverre hadde gĂ„tt attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjĂžlvsagt endĂ„ finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen pĂ„ KK. 

Eg er altsÄ strÄlande nÞgd med jakka. Fekk i tillegg kjÞpt meg ei fin nÄl til Ä lukka ho med pÄ Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg ogsÄ ha rydda i heimen, men er alt for nÞgd med jakka til ikkje Ä blogga om ho idag sjÞlv om det er midt pÄ natta.

Eg har altsÄ som de ser lagt pÄ ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for Ä gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjÞlv for gong pÄ gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg mÄtte ogsÄ justera litt pÄ skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. SÄg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer sÄ dÄ korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene pÄ bolen ogsÄ sÄ fekk eg jo ganske sÄ mykje ekstra Ä brodera ogsÄ. Det tok 2-3 kveldar Ä brodera alt. De finn mÞnsteret pÄ Ravelry og Epla.

sĂžndag 18. september 2011

JÞss, eg har fÄtt brukt symaskina

Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle fÄ tid til Ä sitja og sy pÄ hytta nÄr eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar fÞr ein vert mor.

No fyrst lĂžsnar det. Litjpia har vorte 3 Ă„r og klarer endeleg Ă„ leika Ă„leina - reint bortsett frĂ„ at ho helst skal gjera og lĂŠra alt eg gjer sjĂžlvsagt. I helga har vi hatt besĂžk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde pĂ„ ein del for seg sjĂžlve. 

Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjÞpt eit stoff pÄ Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er ogsÄ frÄ IKEA og det raude frÄ ein stoffbutikk pÄ GrÞnland. No kan eg jo drÞyma om ein stÞrre produksjon ein gong til neste Är kanskje. Syr pÄ hytta og strikker heime.

Strikking held ein jo pÄ med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som Ä sjÄ pÄ TV, pÄ toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gÞymast diskre ned under bordet?




I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk pÄ plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga stÄr endÄ og blÞmer for seg sjÞlv ute i boden, og den pÄtenkte sofaen har ingen sett.

sĂžndag 4. september 2011

Gamal design og strikk som politisk motstand


Gjorde nett eit djupdykk ned i nokre gamle posar og fann at schlĂ€geren min frĂ„ tidleg 90-tal. Eg laga hauger av desse luene. Det skulle jo vera ein brei brem som vart bretta opp og gjerne festa med ei nĂ„l pĂ„ den tida. TrĂ„dene er ikkje festa og eg gidd ikkje Ă„ gjera det no heller fĂžr moten bles den vegen igjen. Elles kjenner eg at den er god og har god passform. 




Tenkj det er snart 20 Ă„r sidan. Mellom anna sat eg pĂ„ den tida utanfor Stortinget og strikka mot EØS. Det vart laga eit digert lappeteppe som dekte heile muren framfor Stortinget hugsar eg. Ikkje det at det hjalp diverre, men ei kjekk form for markering av motstand. Under EU-kampen song eg i koret Stemmevett. Vi song mellom annan ein madrigal mot EU. Siste hausten var eg sĂ„ forkjĂžla at eg song alt frĂ„ tenor opp til sopran pĂ„ ei veke. 

Elles har vi vore hjÄ "Leker og mer" i Lille Øvregate og hÞyrt pÄ ein fornÞyeleg versjon av Reveenka fÞr Litjpia gjenoppsto som katten Korse.

sĂžndag 17. april 2011

Striped study shawl


DÄ vart eg ferdig med sjalet frÄ Veera og 100% rain. Det er faktisk bÄde finare og meir hendig enn eg hadde venta. Eg lurte litt pÄ korleis den usymmetriske forma ville ta seg ut i praksis, men det viser seg at det er mykje lettare Ä slenga rundt halsen enn vanlege sjal. I tillegg har ein ikkje den lange flappen hengande ned foran. Ein absolutt favoritt.

Garnet er "restegarn" frÄ Oleana og Shetland soft frÄ Malsen og Mor.
Det har vel gÄtt med omlag eit halvt nÞste av kvar av Shetland soft. Gler meg over at det visst nok skal verta mjukare og mjukare ved bruk.


Det er regnfullt og ikkje dei beste lysforholda for tida sĂ„ bileta kunne vore klĂ„rare, men det er jo i utgangspunktet ganske sĂ„ klĂ„re fargar i skjerfet. Det er altsĂ„ tre raudfargar og beige. Kven skulle tru at eg skulle hiva meg pĂ„ beige. Eg er meir ein raud enn ein beige person, men den er fin Ă„ kombinera med andre fargar for min fargepallett. Hi, hi, eg har jo vore pĂ„ fargeanalyse mĂ„ vita. 

fredag 8. april 2011

Strikker trottig pÄ


Still light tunikaen veks. No skal eg snart byrja med lommene. Det gĂ„r i grunnen ganske radig unna. 

Dei siste dagane har eg ogsÄ vore pÄ eit par konferansar/seminar og dÄ har eg strikka pÄ det skeive study shawl til same designer Veera og dÄ har eg nytta litt gamalt garn eg kjÞpte pÄ Oleana i tillegg til nokre av dei Shetland soft nÞstene de sÄg i fÞrre innlegg. Ikkje overraskande for meg sjÞlv i alle fall sÄ vart det raudtonane som vann igjen. Det kjem snart bilde.

I helga er det meldt godt vÊr pÄ Vestlandet sÄ no set Litjpia og eg nasen mot Tysso for litt avslapping og hagearbeid.

GOD HELG!

torsdag 24. mars 2011

Never change a winning strikkeoppskrift

Ok, eg innrĂžmmer at eg har ein tendens til Ă„ repetera meg sjĂžlv. I dei siste innlegga har eg visst berre strikka vaffellue eller daisyjakker, og det har eg jaggu gjort denne gongen og. 

Det er syskenbarna mine som har fÄtt kvar si fine jente i tillegg til veninner som fÄr jenter sÄ dÄ flesker eg til pÄ nytt og pÄ nytt. Det er litt artig Ä sjÄ at den same jakka tar ulik form og farge. MÞnsteret er det same som fÞr.

Denne gongen har eg nytta Baby Merino frÄ Gjestal kjÞpt pÄ Nille. Det er melert i rosa og raudt. I tillegg har eg nytta Baby Ull som ogsÄ er frÄ Gjestal, men kjÞpt denne gongen pÄ SparkjÞp. Det siste er ogsÄ merino ull og superwash og utgjer det gule i jakken. Eg nyttar pinne nr 3.




Eg har i grunnen kost meg med Ä kjÞpa garn pÄ SparkjÞp og Nille. Det er av og til litt kjipe fargar, men til dÞmes Cortina som eg fann hjÄ SparkjÞp har riktig sÄ fine fargar. Det er alt anna enn drygt, men kva gjer det nÄr det kostar 12 kr nÞstet.

sĂžndag 30. januar 2011

Rillestrikka kÄpe

Det har vore dÄrleg med blogginga i januar. Influensaen tok fyrst litjpia og sÄ heiv den seg over pÄ meg. DÄ var eg litt desperat for vi skulle reisa til Gran Canaria tre dagar seinare. It called for desperate measures sÄ eg luska meg til nÊraste apotek og kjÞpte Tamiflu. For Ä vera heilt Êrleg sÄ har eg ikkje hatt noko sÊrleg tru pÄ Tamiflu, men det hadde faktisk ein bra effekt. Eg var eigentleg berre sjuk i 3 dagar. Rett nok var eg litt halvvegs dei fyrste to dagane i syden, men kven bryr seg om det nÄr ein ligg ved eit basseng og velter seg i sola.

Vel, vel, nok sjukdomsprat.



Her er ein av mine favorittar. Diverre sÄg eg fyrst etter at eg hadde strikka alt bortsett frÄ ermene at eg hadde strikka dei pÄ litt vel store pinnar sÄ den vart litt vid. Heldigvis er ho som har fÄtt den litt meir breidskuldra enn litjpia som stÄr modell her.

Garnet eg har nytta er Cortina frĂ„ SparkjĂžp. Det har forbausande fine fargar til SparkjĂžp-garn Ă„ vera og kostar berre 12,50 per nĂžste. 

lĂžrdag 19. juni 2010

50-tals babyjakke/ 50'ties baby jacket

Eg fekk lÄne nokre mÞnster frÄ 50-talet av besta (naboen) ei tid tilbake. Det er sÄ mange smÄ babyar som kjem no i sommar sÄ strikkepinnane har rikeleg med oppdrag. Fekk sÄ lyst til Ä prÞva eit av desse mÞnstra.
Har brukt eit totrÄds garn frÄ Oleana og noko raudt garn eg fekk frÄ Lise's hobbyblogg. No kan vetlejenta koma.
Knappane har eg kjÞpt pÄ fabrikkutsalet til Oleana.

I borrowed some knitting patterns from my neighbour some time back and have tried out one of them. There are so many little ones being born this summer so there are plenty more knitting to come.

fredag 5. februar 2010

Kunsthandtverk og kongress i Thailand



Rett etter at eg kom heim frÄ kongressen "The first international congress on women's health and abortion" sÄ streika mac'en min. Etter 10 dagar pÄ service er den endeleg heime igjen.

Trass i at eg budde i 36. etasje sÄ tok ei utal av ÞrsmÄ insekt bustad i mac'en min. Til slutt fann eg ut at det dreide seg om maur. Det er ikkje fÄ fantasiar eg har hatt om at grunnen til kollapsen skuldast syreangrep frÄ desse myrene pÄ den finstilte elektronikken.

Det er utruleg kor handicappa ein vert nÄr ein er offline.

Eg orka ikkje Ä handla sÄ mykje ute i Bangkok - eg orka eigentleg ikkje Ä reisa sÄ mykje rundt denne gongen. Gjekk meg ein tur i eksosen og fekk ikkje gjort sÄ mykje anna enn pedikyr, manikyr og massasje. Vel verdt pengane var det i alle fall.

Men om ikkje vi kjem til marknaden sÄ kom marknadsfolka til oss. Det var rikeleg med boder som selde thailandske produkt inne pÄ kongressen.

Tidlegare har eg vore pÄ kongress i Chiang Mai og dÄ kjÞpte eg meg eit skjÞrt med dei typiske mÞnstra og broderia frÄ nord. Dei er utruleg flotte. Denne gongen vart det vesker og ei dokke. Oh, glede.

Eg elsker dei fargane. I kollagen finn de meg saman med ein nepalesisk kollega midt inne blant alle broderia.

mandag 31. august 2009

Raudt, raudt og raudt




Hm, ja dette er jo kjÊrringbloggen min som naboane mine sÄ treffande sa det. Tanketom exhibisjonisme kan ein jo ogsÄ kalla det. Eg luffar rundt og gjer som dei gjer pÄ interiÞrbloggar - tar bilete av interiÞret mitt og siste innkomne detaljar. No er det siste ein raud stol kjÞpt pÄ Nobel Bopel som trass i Ä ikkje vera sÄ store tydelegvis er drive av nokon som er sopass datakyndige at dei har sin eigen nettstad. Vel, dei er sÄ og seia min nÊraste nabo sÄ eg luffar forbi dei nokre gongar for dagen. Sidan eg gjerne ville flytta dei gamle stolane frÄ bestemor sin barndomsheim pÄ KotsÞy til hytta pÄ Tysso sÄ mÄ eg erstatta dei med noko anna. Snart er heile leiligheita mi full av raude mÞblar sÄ kvifor ikkje denne stolen ogsÄ. Er ogsÄ veldig glad i det bambusforhenget av den vassberande kvinna. Eit sikkerstikk nÄr det gjeld ungar. Det er ingenting som Ä vandra fram og tilbake gjennom det forhenget.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails