Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg
fredag 6. februar 2015
Lenge sidan sist, men 90-talet ruler
Har vore litt pause kan ein vel seie i denne blogginga sÄ no er det overraskande vis nokon i det heile les dette blogginnlegget.
Gjekk vel litt lei, fekk meg kjÊrast og har levert inn doktorgradsavhandlinga sÄ dÄ vart det lite strikking og anna kreativt tilsnitt. Etter innleveringa 23. desember har eg derimot ikkje orka noko sÊrleg anna enn Ä strikke og sjÄ pÄ TV. Reint bortsett frÄ at eg har fÄtt lest nokre bÞker. Det siste har det nesten vore full stopp pÄ etter at eg fekk barn, men det hjelper Ä ha ei skulejente i hus.
No har eg derimot avslutta nokre gamle prosjekt som lÄg i korga.
PĂ„ 90-talet strikka eg ein heil haug av desse hattane. Det var litt meir inn med breidbremma hattar den gongen. Veit ikkje heilt om det kjem til Ă„ ta av no sĂ„ den vert kanskje sitjande pĂ„ hattestativet mitt til stĂžvsamling denne ogsĂ„, men den minner meg om den fĂžrre store strikkeperioden min. Eg var mellom anna med og strikka mot EĂS i 1992.
lĂžrdag 31. desember 2011
Kva har eg pÄ nattbordet?
Starlet frĂ„ 80-talet som ikkje har ligge i flyttelassa mine, men som eg derimot kjĂžpte i rein nostalgi pĂ„ ein loppemarknad. Det er ogsĂ„ ein del gamle interiĂžrblad og eit eller anna Elle, eller noko slikt. I tillegg "Sara og bĂžlla", litt Albert Ă
berg, "El club de los viernes" (den strikkeromanen frÄ New York som eg trur eg har blogga om for lenge sidan og aldri fÄr lest ferdig fordi eg ikkje orker Ä lesa nÄr eg legg meg), Ann Oakley "Essays on women, medicine and health" (hÞyrest veldig intelektuelt ut ikkje sant. Vel eg har kome halvegs, men eg lÄnte den for over tre Är sidan av sjefen... Leste faktisk i den pÄ toget sÄ no er det berre eit par essays igjen). "Naturlig sland" av Fedon Lindberg har eg flytta opp i hylla igjen. Kan jo ikkje lesa slikt i jula.
Kva har du pÄ nattbordet?
Kva har du pÄ nattbordet?
I ryddesjauen har eg ogsÄ fÄtt meg nytt nattbord. Det fann eg pÄ loftet i bygÄrden. Meiner Ä hugsa at vi sparte det i den store oppryddinga i vÄr fordi eg ville ha det, men viss nokre naboar les dette no og meiner det er deira og at dei vil ha det tilbake sÄ sei endeleg ifrÄ. Legg elles ogsÄ merke til den gamle skuleplansjen eg fann pÄ ein marknad i Trikkehallen pÄ MÞhlenpris. Hugsar godt desse historiske plansjane frÄ skuletida mi pÄ slutten av 70-talet.
Snart er det nytt Är. HÄper alle fÄr ein fin kveld og eit innhaldsrikt og positivt nytt Är.
sĂžndag 4. september 2011
Gamal design og strikk som politisk motstand
Gjorde nett eit djupdykk ned i nokre gamle posar og fann at schlÀgeren min frÄ tidleg 90-tal. Eg laga hauger av desse luene. Det skulle jo vera ein brei brem som vart bretta opp og gjerne festa med ei nÄl pÄ den tida. TrÄdene er ikkje festa og eg gidd ikkje Ä gjera det no heller fÞr moten bles den vegen igjen. Elles kjenner eg at den er god og har god passform.
Tenkj det er snart 20 Ă„r sidan. Mellom anna sat eg pĂ„ den tida utanfor Stortinget og strikka mot EĂS. Det vart laga eit digert lappeteppe som dekte heile muren framfor Stortinget hugsar eg. Ikkje det at det hjalp diverre, men ei kjekk form for markering av motstand. Under EU-kampen song eg i koret Stemmevett. Vi song mellom annan ein madrigal mot EU. Siste hausten var eg sĂ„ forkjĂžla at eg song alt frĂ„ tenor opp til sopran pĂ„ ei veke.
Elles har vi vore hjĂ„ "Leker og mer" i Lille Ăvregate og hĂžyrt pĂ„ ein fornĂžyeleg versjon av Reveenka fĂžr Litjpia gjenoppsto som katten Korse.
onsdag 24. november 2010
FrÄ bestemor sitt skattkammer

Det er stor gÄveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg Ä blogga om. I alle fall lenge fÞr sakene skal giast bort.
Om sider har eg derimot fÄtt tid til Ä vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann pÄ kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte pÄ 40- og 50-talet dÄ dei var smÄ ungar. Oldefar min var skreddar sÄ eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.
SÄ no er det berre for syskenbarna mine Ä produsera barn som kan fÄ bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjÞnningen eit par innlegg lenger ned skal ha pÄ seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblÄ strÞmpebukse pÄ 17. mai. Vi fÄr berre vona at storleiken held.
tirsdag 26. oktober 2010
Vintage strikk
Vi gjekk igjennom kottet etter besteforeldra mine i vÄr. Der fann vi mellom ein mengde skrot - bestemora mi kasta aldri noko, gamle barneklede etter mor mi og syskena hennar. Ein riktig sÄ liten skatt vil eg seia. No har eg endeleg tenkt eg skal vaska dei og setja dei i stand sÄ fÄr vi sjÄ om det er noko som kan brukast av dei 6 oldebarna ho har etterlatt seg. I alla fall kan det jo henda det er nokon som vil ha det pÄ utstilling.
Denne buksa var nok brukt av onkelen min. Eg meiner Ä ha sett den pÄ eit gamalt bilete. Buksa er grundig brukt og vaska for den er nesten som tova Ä rekna. Dei er frÄ den tida dÄ bestefar min arbeidde pÄ gard, og dei budde pÄ eitt lite rom. Det var neppe flusst med pengar, men ho var flink med pengar og klede bestemor. Det var ikkje mykje som gjekk til spille. MÄ seie ho hadde god smak nÄr det gjeld fargeval. Det er riktig sÄ fint med det sennepsgule og brune.
Som dotter av ein skreddar visste ho Ä finna glede i fine klede. Viss ho hadde misstanke om at vi var lei oss sÄ stakk ho gjerne i oss litt pengar og sa "her skal du fÄ litt sÄ kan du kjÞp dÊ nÄ nytj". Eit universelt botemiddel mot tunge tankar.
Going through my grandparents old stuff we found some treasures among a lot of junk. My grandmother never threw things away. So now I have some old clothes that my mother and her siblings used to wear. This knitted boys pants for instance that my uncle must have worn. I think I have seen them in an old photo so they must have been his good ones. They have been worn and washed a lot from the looks of it. My grandmother was the daughter of a tailor and enjoyed having nice clothes. When my uncle was little they had very little money so I can just imagine the effort behind these pants. Have to say she had good taste in colours.
tirsdag 10. august 2010
Retro bleiebukse/old fashion diperpants
Eg fekk jo lÄna nokre gamle mÞnster frÄ 50-talet frÄ besta i etasjen under. Det er sÄ mange artige mÞnster, men ikkje alle som er like anvendelege, men no fekk eg strikka ei god gamaldags bleiebukse.
Rett nok liknar den ganske mykje pÄ trusene til damer frÄ same tidsepoke, men dette er altsÄ barnestorleik. Syskenbarnet mitt har fÄtt seg eg ny, liten, fin gut som skal verta stolt eigar. Vel, det er vel mora som vert mest nÞgd - om ikkje tanta (altsÄ eg).
I eit gamalt leksikon (ikkje usannsynleg at det var Norsk allkunnebok) sÄ fann eg ein gong at filletante/filleonkel er syskenbarnet til mor/far. Eg var den gongen dÞdeleg fornÊrma over at nokon meinte at mine inngifta tanter og onkler ikkje var tante og onkel, men filletante og filleonkel. No er eg derimot vaskeekte filletante ogsÄ forkorta til tante :-).
I borrowed some old patterns from the 50'ties from "gran" down stairs. I love looking at them though not all of them are so handy now adays.
tirsdag 20. april 2010
Nostalgi med broderi/nostalgic needle point
Bestemora mi elska desse broderibilda, og eg elska bestemora mi. Saman sat vi og broderte romantiske broderi i ull og bomull medan vi hÞyrte pÄ "Husker du". Det var i lang tid yndlingsprogrammet mitt (eg var vel 7-8 Är), og eg hugsar enno med sorg at Odd Grythe dÞde.
No er bestemor og bestefar for lengst dÞde og broderibilda har fÄtt ny renessanse pÄ hytta. Syns dei eignar seg godt i den gamle smia med det babyrosa interiÞret. Fjollete fint, kan ein vel seia.
Her har ogsÄ den gamle, morske prostinnen fÄtt plass pÄ veggen. PÄ byrjinga av nittenhundretalet sendte ho sin eldste son til USA for Ä gÄ pÄ skule slik at han skulle glÞyma husmannsjenta han var forelska i. Ho konfiskerte i tillegg dei breva dei forsÞkte Ä senda til kvarandre - prestens bustad var postkontoret. Men dei glÞymde aldri kvarandre og ca 40 Är seinare mÞttest dei. DÄ var dei bÄe vorte enkefolk - og sÄ fekk dei kvarandre. Hah, det skulle ho visst overkicadoren.
My grandmother loved these needle points and I loved my grandmother. So the two of us sat down and did needle point together. Now both my grandparents are long gone and the needle points have gotten their renessanse at my country cottage. Just next to the strict reverends wife who sent her oldest son to the States in 1905 so he would forget about the poor farmer's girl he was so in love with. She even confiscated their attempts of correspondence. They never forgot each others though and after 40 years they finally met. Both had widowed and were free to marry. A sad but lovely story. The old bag should have known.
tirsdag 16. februar 2010
Herlege 50-talet/ The lovely 50'ies
Eg har verdas beste naboar bÄde over og under.
I etasjen under bur Wenke. Vi har klart Ä adoptera ho som bestemor til litjpia. Dei fleste har jo i utgangspunktet to bestemÞdre og no har ogsÄ litjpia fÄtt si bestemor nr 2.
Besta (altsÄ Wenke) er ogsÄ ein superstrikkar av rang, og det er kanskje ikkje ei sjel i NarviksomrÄdet som ikkje eig eit plagg som ho har strikka. I tillegg sÄ har ho sydd ein heil masse i si tid og har ogsÄ ein vev som ho hÄper snart kan koma opp og stÄ.
No har eg ogsÄ fÄtt lÄna av besta sitt mÞnsterarkiv. O'la,la.
Her er det mykje inspirasjon Ă„ henta.
Diverre har eg ikkje noko scannar sÄ de mÄ ta til takke med foto av heftene.
Noko av det beste er jo bilettitlane. Dette heftet frÄ 1957/58 er min store favoritt.
Sjekk desse overskriftene:
Se hva mamma har laget.
VÄre forfengelige smÄ dÞtre (er det dei eller vi som er forfengelege?)
Korrekt og kokett (ein vinnar spĂžr du meg)
Ramsalt sjĂž og lys sommerkveld
I have perfect neighbours. We have adopted the woman downstairs as a grandmother. She is a knitaholic with a huge production of wonderful mittens, jumpers, dresses etc. She also used to sow and weave. It turned out she also has this wonderful collection of old patterns that she lend to me from the 50'ies. Have a look! Unfortunately I don't have a scanner and had to photograph the pages instead.
mandag 30. november 2009
Korleis eg lĂŠrte Ă„ strikke
Ei lita oppfordring til andre bloggerar som stikk innom bloggen min. Skriv om korleis og nÄr du lÊrte Ä strikke og send meg ein link i kommentarfeltet eller skriv noko i kommentarfeltet.
SjÞlv var eg omlag 6 Är. Eg hugsar det utruleg godt. Mor og far min var sÊrs radikale og slik eg hugsar det hadde vi denne kvelden eit kvinnemÞte heime hjÄ oss. Mor mi seier alltid at far min ville gje ho "fri" til Ä gÄ pÄ kvinnefront-mÞte, men at ho eigentleg var mest interessert i kina-spÞrsmÄlet sÄ eg kan ikkje med handa pÄ hjartet pÄstÄ at dette var eit mÞte i Kvinnefronten. Sidan eg no er aktiv i Kvinnefronten skulle eg sjÞlvsagt gjerne gjera det, men akk ein kan jo ikkje driva med historieforfalskning.
Stova i vÄr treroms leiligheit pÄ Sollia i Trondheim var i alle fall full av damer som klumpa seg i den brune kordflÞyel sofaen eller den far min hadde snekra. Reint bortsett frÄ at mor mi hekla pÄ eit slikt bestemorteppe sÄ hugsar eg ikkje om det var ein handarbeidskveld. Men eg har vondt for Ä tru at det berre dreide seg om handarbeid i dette politiske miljÞet. Det var jo heldigvis ikkje uradikalt Ä driva med handarbeid pÄ den tida. SjÞlvberging og hÞnsestrikk var veldig populÊrt.
Eg skulle i alle fall lÊra meg Ä strikka. Mor mi var mildt sagt utolmodig og upedagogisk trass i at ho var og er familiens beste strikkar. Far min derimot er meir stillfarande, pedagogisk og tolmodig. Han har dessutan sjÞlv lÊrt Ä strikka dÄ han var barn og strikka mellom anna ei lue til fetteren sin dÄ han var ein plass mellom 8 og 12 Är. Det kunne i alle fall farmora mi stolt fortelja.
SÄ sat eg der dÄ med ei raudt ullgarn og sveitta over pinnane medan far min tolmodig og gjentatte gongar tok meg gjennom pinne etter pinne. Om det i det heile tatt vart noko av dette strikket anar eg ikkje, men det er definitivt den kvelden eg lÊrte Ä strikka.
Abonner pÄ:
Innlegg (Atom)






